Vox-øving

"Best of" VOX gjennom ti år!

VOX-konsert i helga

I helga, nærare bestemt laurdag, kan du oppleva koret VOX in concert på Surnadal Kulturhus. Dei synger songar dei har hatt på repertoaret dei 8 åra dei har eksistert. Samtidig er det siste konsert for dirigent Rolf Arne Berg, som har vore med heilt frå starten.

Surnadal kulturhus er altså staden å innfinna seg førstkomande laurdag. Det blir to forestillingar den dagen , men det er berre å kasta seg rundt å kjøpe billett! Trollheimsporten besøkte ei av dei siste øvingane før konserten, og det må seiast det lèt reint så vakkert. Toril Moe kunne fortelja at koret hadde valgt ut songar koret likar å syngje og at det er eit spenn frå rolege ballader til reine rocke-songar. Noko for einkvar smak, altså! Med seg har dei eit sterkt band beståande av Rolf Paulsen, Rune Dalager, Olav Nergård Tørset, Brage K. Einum og Torbjørn Kvande. Eit lokalt musikalsk A-lag!

Avsjedskonsert for dirigenten

Dette blir òg siste konsert med dirigent Rolf Arne Berg ståande framom koret. Han har vore med sidan starten i 2010 og har vore ei drivkraft og til stor inspirasjon, skal vi tru koristanes utsegn. Så møt opp og ver med og takk Berg for dirigent-gjerninga!

Billettar kan kjøpast her:

Rolf Arne Berg.JPG
Dirigent Rolf Arne Berg gjer instruksar.
Vox-øving.JPG
VOX; blidspent gjeng med store stemmer!