Kallastua FOTO PALETT_350x359

Viser Kalla sin kunstproduksjon

Surnadal Kulturhus vil i perioden 10.-25. mai vise Kalla Skrøvseth sin mangfoldige kunstproduksjon. - Kalla har rett nok sitt eige galleri, Kallastuå, der kunsten blir vist fram, men vi trur at enno fleire får gleda av å sjå kunstverka ved å bruka Finstuå, seier kulturhusleiar Karstein Telstad. Utstillingsopninga blir 10. mai klokka 18.00.

Denne gongen blir det produksjonen hennar frå 50-talet og fram til ho avslutta på 90-talet. Det blir ei blanding av oljemåleri, mosaikk og pastellar.

Kalla Skrøvseth vart født i Surnadal i 1913, og døydde i heimkommunen sin i 1997. Ho var elev ved fleire målar- og kunstskular i inn- og utland. Ho har ein enorm produksjon bak seg, og arbeida er spreidde over heile Norge og i andre land.

Arbeida hennar varierer frå små pastellar til gigantiske altertavler. Motiva varierer frå enkle stemningar i nærmiljøet til sentrale symbol frå Bibelen. Kalla har hatt ei rekkje utstillingar, og i 1979 fekk ho fylkeskulturprisen i Møre og Romsdal.

Nevøen til Kalla, Nils Røv, vil stå for underholdninga under opninga tirsdag 10.mai klokka 18.00.