Brit Hansen og Anett Ranes[1]

Vinnaren av sykkeltrimmen 2011 i Surnadal

Til trekking av årets vinnar av sykkeltrimmen, har idrettslaga i Todalen, Søya, Bøfjorden, Øvre og Nedre Surnadal levert sine lister til Folkehelsekoordinatoren i kommunen. Vinnaren i år er Brit Hansen, som var registrert på ei liste frå Søya idrettslag. Ho fekk eit gåvekort frå Helse og Familieeininga i kommunen, til bruk på Intersport, pålydande kr.5.000.

I år er det registrert heile 1040 sykkelturar i kommunen. Det er ulikt korleis idrettslaga organiserer sykkeltrimmen, men det viktigaste er at ein kjem seg ut på sykkel. Jo fleire gonger den einskilde registrerer seg, jo større sjanse er det for å vinne.

Vinnaren av sykkeltrimmen, Brit Hansen, saman med folkehelsekoordinator Anett Ranes

Du finn dette på heimesida til Surnadal kommune