Vidar Rygh_350x233

Vidar Rygh ordinert til sokneprest

Sist søndag vart sokneprest Vidar Rygh ordinert i Øye kyrkje. Det var biskop Ingeborg Midttømme som forretta ordinasjonen, og elles deltok prost Gerd Anne Åarset og fire prestar frå nabokommunane. Oppmøtet av folk, både frå eigen kyrkjelyd og tilreisande, synte at dette var ein stor dag for bygda.

- Ein ordinasjonsdag er ein festdag, sa biskopen i sin ordinasjonstale til Vidar Rygh, som truleg er den første prest som er ordinert i Surnadal prestegjeld. - Herrens hand er ikkje for kort til å frelsa, og ditt kall er å formidle dette til alle Gud sender deg til i møte med sørgjande, konfirmantar og nyfødde born, så alle i sokna får hjelp til å ta imot han som sigra over døden og lever i dag. Det er nåde, sa biskopen vidare

 

 Alle dei frammøtte som fylte Øye kyrkje viste at dette var ein stor dag for bygda og dei tre kyrkjelydane. Også folk frå andre bygder, med minst fire prestar var møtt fram. Biskop Ingeborg Midttømme forretta ordinasjonen, etter formaning og lovnad, og prost Gerd Anne Aarset, prestane Lene Gåsvatn, Erik Blomstrøm, Bernt Venås, Leif Endre Grutle og diakonimedarbeidar Kirsti Hjørnevik deltok ved forbønshandlinga, både ved handspålegging og på kne rundt altarringen, ei gripande stund for kyrkjelyden.

 

. Etter prestevigslinga vart den raude stolaen lagt over skuldrene på den nye presten., Det var og skriftlesing ved fleire av prestane og klokkar Sverre Hatle. Soknerådsleiar for Øye og Ranes, Karstein Svensli, las framstillinga av ordinanden for kyrkjelyden. Vidar Rygh er frå Oslo, men har røtter på morsida i Surnadal, har studert teologi ved Det teologiske fakultet og har ein allsidig bakgrunn, frå oppvekst i pinsekyrkja, fallskjermjeger, restaurantsjef, fire års økonomistudium til barnevern.

 

Kantor Oddveig Helset Halle hadde ansvar for den musikalske delen sammen med ei songgruppe som berika gudstenesta. Etter ordinasjonsgudstenesta inviterte soknerådet til fellesskap og servering på Kyrkjelydshuset der det var mange gode helsingar frå biskop, prost, ordførar Mons Otnes, soknerådsleiar Karstein Svendsli, kyrkjeverje Ingeborg Nordlund, representantar frå andre sokn og fleire prestar.

 

 

Det er Driva som skriv dette i dag

Tidens Krav har dette om saka