Onsdag
Onsdag Skyet
Skyet
Svak vind
Torsdag
Torsdag Delvis skyet
Delvis skyet
Stille
DSC_0532

Vi treng mange fleire bøsseberarar!

I år er TV-aksjonen i Surnadal avhengig av at folk melder seg frivillig som bøssebærarar, for at heile kommunen skal bli dekt opp. Det er framleis behov for mange fleire bøsseberarar. Her får du ei oversikt over kva område som er dekt opp, og ikkje.

- Etter at TV-aksjonen har bedt oss om å kun oppfordre folk til å melde seg  som bøsseberarar via nettsida for TV-aksjonen reknar vi ikkje med full bøsseberardekning dei første åra. Det er 100% frivillig å velge å gå med bøsse for TV-aksjonen, men det er ikkje sikkert at alle har fått med seg dette med at kommunen ikkje lenger sender ut brev og sett opp folk, seier Anne Lise With Wullum, som er koordinator NRK TV-aksjonen i Surnadal.

- I år risikerer vi difor at mange grender ikkje får besøk av bøsseberarar, og det er synd. For dei som ikkje ønskjer å registrere seg digitalt, men vil gjere ein innsats og gå 1.5-2 timar med bøsse, er det framleis muleg å komme eller ringe for å skrive seg på bøsseberarliste i Servicetorget på kommunehuset.

IMG_9017.jpg
Britt May Hollås og Elinor Bolme frå sanitetsforeninga hjelper til med å merke bøssene til årets TV-aksjon.
 

Slik er status for bøssebering i Surnadal kommune no:

Full dekning: Åsbø-Kårvatn, Telstadvegen-Rindalsgrensa begge sider, Trudvang-Torvik -her har vi aktive medlemmar i Sanitetsforeningar som har mobilisert godt, Stormyra 1-2 og Svartvassområdet er og dekt opp.

Det er størst behov i Nedre Surnadal, Stangvik og Bøfjord/Bæverfjord krins.

INGEN har meldt seg som bøsseberarar her:

Øye bru-Sylte
Berset – Heggset-Glærum kai-Bøvra
Glærum kai – Hamnes
Sletta-Settemsdal
Bøfjord-Kallset-Bøklepp
Aaskard-Bele-Flessen
Hakstad-Øygarden-Gjerdahaugen
Øye bru-Røssmoen
Institusjonane
Nordmøre Folkehøgskule
Grimsmo-Modalane
Storsvingteigen-Korkvn-Benvn
Galtmettet-Østbødalen
Pestutrøa-Søyset-Kvanne-Kråkhammaren
Grønneset-Stangvik-Brøskehagan


Det aller beste er om folk registrerer seg via www.blimed.noså kjem dei og hentar bøsse i servicetorget frå ons 16. okt –fre 18. okt mellom kl. 09-17.

Sjølve bøsseberinga skjer mellom kl. 15-17, søndag 20. oktober med bøsse-innlevering i Surnadal sparebank mellom kl. 16-18.

 

Bildet: Eva Garte Østbø og Olav Bergheim fra voksenopplæring og integrering, Elinor Bolme fra sanitetsforeninga, Liv Dalsegg fra Surnadal Sparebank og Anne Lise With Wullum fra Surnadal kommune oppfordrer folk om å melde seg som bøssebærere 20. oktober.

Tips en venn Skriv ut