tp_leserinnlegg

Vi treng bonden for å ta vare på levande bygder

Det er vår i lufta og bønder over heile landet håper på godt ver når dei skal setja plogen i jorda. I desse dagar forhandlar bondeorganisasjonane og staten om rammevilkåra for matprodusentane. Norge Bygdekvinnelag meiner utfallet av forhandlingane vil påverka ikkje bare bøndene, men og korleis vi vil at landet skal sjå ut.

Utviklinga viser at landbruket blir sentralisert og flytta frå utkantane til Jæren, det sentrale Austlandet og Trøndelag. Frå 2002 til 2017 har produksjonen av kjøt og ull auka med om lag ein tredel, og den største veksten er i dei fylka som frå før produserer mest; Rogaland, Hedmark og Nord-Trøndelag. Medan produksjonen i fylke som Møre og Romsdal, Troms og Hordaland går ned.

Norsk landbruk er så mykje meir enn mjølk og brød. Landbruket skaper arbeidsplassar, held liv i bygde-Norge og skjøtter kulturlandskapet. I alt 420 kommunar har arbeidsplassar knytta til landbruket. Bare i landbruk og matindustri er det 90.000 arbeidsplassar. I tillegg kjem lokale arbeidsplassar som leverer varer og tenester til bøndene, som handverkstenester, rådgjeving og varehandel. Landbruket er også fundamentet for turisme og kulturtilbod i distrikta; som lokalmatprodusentar, reiselivsbedrifter og andre natur- og friluftstilbod.

I store deler av verda skjer urbanisering og sentralisering. Byane veks og distrikta blir avfolka. I Norge er det framleis slik at fleire bur i distrikta enn i dei største byane. Dette skjer ikkje tilfeldig, men har vore eit ønska busetnadsmønster som er resultat av målretta nasjonal politikk.

Dersom ein ønskjer å halda ved like ein spreidd busetnad i heile landet, må ein leggja til rette for å driva næringsverksemd i distrikta. Landbruk er ei viktig næring som skaper store verdiar i distrikta og medverkar til at folk kan bu og leva der. For å ta vare på spreidd busetnad må vi ta vare på landbruket i heile landet.

Landbruket utnytter dei naturgitte ressursane. Norge er eit vidstrakt land med store skilnader i natur og klima, noko som inneber ulike føresetnadar for å driva landbruk. For å stoppa sentraliseringa må det vera lønsamt å produsera mat på små og store gardar over heile landet. Dette må jordbruksoppgjeret sikra!
 
Hilsen
Øvre Surnadal Bygdekvinnelag /Anne L.Moen
Surnadal Bygdekvinnelag / Serine Heggset