Oppdatert med flere bilder fra kurset

Ver feig!

Dette er det beste rådet Morten Halgunset har å gje Røde Kors-folk og andre som er på fjelltur og er redd for snøskred!
Følg rygg, - ver trygg!

IMGP6947.jpg

Denne søndagen arrangerte Rindal Røde Kors Hjelpekorps fagdag innan snø og snøskred i Røde Kors-huset i Rindal. Morten Halgunset var kursledar. Han er utdanna innan emnet. Han ville ikkje vere med på at han var ekspert, men han måtte innrømme at han har halde på med dette i om lag 35 år!

IMGP6954.jpg

Halgunset har halde mange kurs for både turgrupper og skular. Ei tid hadde han kurs for politistudentar på Gråhaugen Fjellstue i lag med det lokale lensmannskontoret.

Sjøl har han vore på kurs i lag med NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) og NGI (Norges geotekniske institutt), som har spesialistar (!), og han har vore på kurs med forsvaret.

Sidan snøforholda gav begrensa praktisk øving, vart det nesten tre timar teori, men elevane var lydhøre til kva den erfarne kurshaldaren hadde å formidle. Deltakarane var frå hjelpekorpsa til Røde Kors i Meldal, Rennebu og Rindal.

Dette er betryggande for alle oss som ferdast i fjellet der desse hjelpekorpsa opererer.

 

På kurset forelas Halgunset om naturkunnskap. Terrenget er viktig for kvar skred kan komme. Verforholda både før og under turen avgjer kor farleg snøen er.

- No har vi eit rimlag over skaresnø. Kjem det nysnø som fyk saman i fonner blir det stor skredfare. Ved over 30 grader helling vil nysnøen skli som på kulelager ved hjelp av rimet på skaren.

 

Kursdeltakarane fekk og høre om kameratredning. Første kvarteret er viktig, viss du ikkje alt er slått ut av skredet. Kameraten såg kvar du forsvann og er fort på plass. Kanskje han ser ein skistav? Men først må han sjå etter om det kan komme fleire skred og berge seg sjølv. Det er han som må varsle politi – 112 – og AMK, og det må skje fort!

IMGP6952.jpg

Skredsekk er eit hjelpemiddel som er utbreidd i Alpane mellom folk som skal ut i skredfarlege område. Den har sondestang, spade og snøsag – viktige hjelpemiddel når du skal hjelpe nokon ut av ras. Den har også sendar/mottakar.

Men det heilt spesielle er ein gasspatron som blæs opp ein stor ballong. Den gjer deg synleg, og kan hjelpe deg til å flyte i raset, men den er ingen garanti. Det er mange forhold som spelar inn, men overlevingssjansen er større.

Blir du tatt av eit snøskred, spelar det stor rolle korleis skredet går og kvar du er i skredet. Det beste er å unngå skred!

 

- Ver feig! Ta sikre vegvalg, følg rygg – vær trygg!
 

70 % av dei omkomne i snøskred driv klatring, offpiste-kjøring eller liknande. Det er ikkje vanlege turgåarar, fortel Morten Halgunset.

 

Rindal Røde Kors har sendt oss bilder fra utedelen av kurset:

IMG_6760.JPGMorten Halgunset demo.jpg
Morten Halgunset med en oppblåst skredsekk

IMG_6750.JPG
Skredkurs 1.JPG
Skredkurs 2.JPG
Søkekjede med søkestang