Det lysnet i skogen ...Foto: OleT
Det lysnet i skogen ...Foto: OleT
Gå til galleriet
Søndag
Søndag Skyet
-4°
Skyet
Flau vind
Mandag
Mandag Regn
Regn
Flau vind

Vellykka, variert og vakker Vårsøghelg-opning

- Odd Nerdrum ga meg eit råd: "Gje alltid det stikk motsette av kva kritikarane seier", sa kunstnar Elling Reitan under opninga av Vårsøgutstillinga i Surnadal kulturhus torsdag kveld. På bildet er Reitan i samtale med Reidar Østvik (t.h.) i Surnadal Kunstforening. Starten på fire dagar med kulturelle opplevingar i Vårsøglandet, vart også markert med fotoutstilling, kakelag og magisk korkonsert med Cantus og Henning Sommerro. Sjå bildeserie på Trollheimsporten!

Les meir om Vårsøghelgkunstnar Elling Reitan her.

Ordførar Mons Otnes var mektig imponert over "VANNstemt", der trondheimskoret Cantus under leiing av Tove Ramlo-Ystad og med Henning Sommerro som gjest framførte ei visuelt og musikalsk svært vakkert korverk. Det er basert på tekster av mellom andre Ove Røsbak, Edvard Hoem og Hans Hyldbakk, og med musikk basert på tradisjonelle folkemelodiar og komposisjonar av mellom andre Knut Nystedt, Børn Kruse og Sommerro sjølv.

- Måten koret både var plassert i salen og utnytta akustikken i Storstuå, gjorde dette til eit fantastisk oppleving, sa Mons Otnes etter konserten som avslutta den første av Vårsøghelg-dagane denne pinsehelga.

Musikkskule-elevane Oddrun Flostrand Skei og Christian Røsand Troelsen opna Vårsøghelga torsdag kveld med songinnslag, og Aimee Leonard trio sørga også for stemning med folkemusikk frå Orknøyene.

Tema for Vårsøghelga er "vatn", noko Surnadal Fotoklubb sørga for å tydeleggjere med utstillinga "Vassrett ved vegen" på gjerdet rundt kulturhuset.

Vårsøghelga 2010 fortsett fredag med mellom anna korpskonsetar, pubkveld og Kleivakveld, der artistar som Terje Tysland, Ola Kvernberg, Unni Boksasp, Henning Sommerro, John Pål Inderberg og Maija Skille skal i aksjon.

Komplett program for årets Vårsøghelg finn du her. Bestill billettar på Surnadal Kulturhus si heimeside.

Trykk på bilda under for større versjonar.

vårsøghelga 3_1024x681
Henning Sommerro og Cantus imponerte med det visuelle korverket VANNstemt.
vårsøghelga 2_1024x681
Arnstein P. Fjelnseth, Marion Otterlei, Anne Vognild Einum og Svein Tjelle er blant fotoklubbmedlemmene som er representert på ute-utstillinga.
vårsøghelga 7_1024x681
Alf Ramsøy lot seg begeistra av Elling Reitan-utstillinga.
vårsøghelga 5_1024x681
Ordførar Mons Otnes var svært fornøgd med Henning Sommerro og koret Cantus sin konsert.
vårsøghelga 6_1024x681
Odd Bostrøm var blant dei besøkande på Vårsøgustillinga.
vårsøghelga 8_1024x681
Einar Grønnes takka Cantus, dirigent Tove Ramlo-Ystad og Henning Sommerro for konserten på vegnet av Laget Vårsøg.
vårsøghelga 4_1024x681
Cantus blir rekna som eitt av dei beste kora i Norge, og har gjort seg bemerk med å samle 13 førsteplasser i internasjonale korkonkurransar.
  • Digg this
  • Delicous
  • Myspace
  • Stubmleupon
  • Friendfeed
  • Tips en venn
  • Skriv ut
E-henvendelser: redaktor@trollheimsporten.no