traktorar_1024x683

Vellykka traktorkaravan på Eiksenteret

Eiksenteret i Surnadal dekkjer eit omland på 25 kommunar, hovudsakleg i Møre og Romsdal, men også nokre frå Sør-Trøndelag. Når dei inviterer til traktorkaravan og haustfest, er det derfor både lokale og langvegsfarande gjestar på besøk. Slik var det også fredag 18. november da Eiksenteret lokka med både nyheiter, demonstrasjonar, prøvekjøring og kaffekrok.

Dei nyaste på markedet fekk mykje oppmerksomheit på traktorkaravanen ved Eiksenteret. Foto: Norunn Holten

Dagleg leiar ved Eiksenteret, Jon Magne Sæter, fortel om god oppslutning og positiv respons på opplegget for dagen. Dei merkar at det er blitt færre gardbrukarar enn før, men til gjengjeld har det dukka opp andre kundegrupper og interessentar, fortel Sæter. Han er derfor godt fornøgd med oppmøtet på traktorkaravanen. I løpet av dagen var det yrande liv både ute og inne på butikken, noko bileta under skulle illustrere.

Ny traktor? Rindalingar ute på studering og spekulering. Foto: Norunn Holten 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 Til venstre: Seljar Helge Nilsen hadde mykje å gjera under Eiksenteret sin traktorkaravan

Øvst til høgre: Settemsdalingar tek pause i handelen med ein kaffekopp.

Nedst til høgre: Desse karane studerer touchscreen til rundballepresse. Her må ein begynne tidleg om ein skal henge med i framtida!