Vellykka balldag på sjøbruksmuseet

God sildball og god stemning blant dei 78 frammøtte prega sesongavslutninga på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag.

Ein dyktig kjøkenstab, både ved ballgrytene på grendahuset og ved kaffedisken og serveringsluka på museet, sørga for at langvegsfarande og bygdafolk fekk furkunnmat til middags. Kaffen sette ytterlegare fart på samtalane rundt borda.

 

«Hendt og sagt»

Som tema presenterte Bernt Bøe laust og fast frå lokalhistoria under etiketten «Hendt og sagt». Frå oldtida dukka skipsgrava ved Mo kyrkje opp på lerretet. Og grunnen til at det heiter «Nesset» langt oppe i skogen på Bølandet, er rett og slett at havet stod 15-20 meter høgare i bronsealderen, da folket der sette namn på terrenget!

I arkivopptak komenterte Ingvald Bøe dramatisk seglas med fiskedamparen «Skrøyfa» for 90 år sia.

Kalset-landet opna seg deretter på lerretet. Her rente sprekingen Magnus Heggem (Kasta) ned den stupbratte setervegen på ski med ei storgryte på skuldra, heiter det. Og her datt Anders Kallset ned i bjønnahiet og vekte vertskapet!

 

Lokal musikkhistorie

Frå gamle Gjertrud i Sjølgjetla ved Kalset stammar ei stor slekt av kunstfolk og kjendisar. TV-journalisten Sigrun Slapgard er av desse. Det var også operastjernene Astri Kalset Szterenyi og Hjørdis Lauenborg. Sistnemnte briljerte på Det Kgl. Theater i København i 1950-åra, men song også i ungdomshuset Bygdevangen – det som no nettopp er Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

Frå CD-spelaren fekk folk høre «Julesong på Grini», ein vakker song med gripande bakgrunn: Den vart nemleg laga av to nordmørske Grini-fangar jula 1944 – teksten av Olav Grytli (rektor på Høgtun i Torvikbukt) og musikken av Knut Kallset (lærar og musikar frå Bøfjorden). Saman med andre julesongar kjem Grini-songen forresten på ein samle-CD med Åsskard Kyrkjekor, Bøfjorden Mannskor og andre denne hausten.

 

Måleri, musikk og mirakel

Stangvik-kunstnaren Rasmus Teilgaard (1685-1754), Nordmøre rikaste mann, vart presentert med kopiar av nokre (no bortkomne) måleri – pluss altartavla i Ålvundeid kyrkje, som han også har måla.

Så var kåseriet ein snartur innom «Den norske Musiks Fader» Ole Andreas Lindeman (fødd 1769 på Øverlandet i Surnadal) og «mirakelmannen» Nils Sæterøy (som kunne hente dampbåtar opp frå sjøbotnen og flytte heile kyrkjer).

I lydopptak frå 1979 fortalte så lærar Bjarne Megard (1898-1984) om bjønnen som herja i sommarfjøset på Settem hausten 1883. Hans særprega forteljekunst fekk folk i salen til å humre.

Etter nokre fyndige regler og ordtak frå dialektsamlinga «Teft og tykkje» munna kåseriet ut i bordkonkurranse om å bestemme 12 nordmørske landskapsbilete på lerretet. To lag klarte 10 rette, og deltakarene fekk museumskrus som premie.

Skipsingeniør Einar Sæter informerte og overrekte historielaget teikningar av propellsystemet som i 1939 vart installert i DS «Bøfjord» - og som sette fart på skipet heilt til det eksploderte med tysk ammunisjon i 1944.

Dagen og sesongen vart avslutta med spennande trekning av flotte gevinstar. Og ein takknemleg kasserar Gunnvald Bøe kunne opplyse at sommarens utlodning hadde skaffa over 28.000 kroner til dugnadsbedrifta Bøfjorden Historielag.

Thp a BALL Kristian Settem Gunnvor Gravvold.jpg
Ball er fukunnmat, synest Kristian Settem og svigermor Gunnvor Gravvold.

Thp b Fortent takk.jpg
Fortent takk og stor applaus til kokker og serveringsdamer – her saman med historielagets fornøgde kasserar Gunnvald Bøe. Frå venstre Nora Vetleseter Bøe, Gunnhild Vetleseter Bøe, Ragnhild Skrøvset, Gyda Stolsmo, Edel Snekvik, Eldfrid Sæthervik, Gunnvald Bøe og Anne Grete Sollid. (Ballkokar Gunnvor Bøe var ikkje til stades da biletet vart teke.)

Thp c Vann krus.jpg
Eitt av bordlaga som delte førsteplassen i biletquizen «Nordmøre Rundt». Desse seks vann museumskrus som premie. Frå venstre Arnt Kjetil Bøe, Anders Vaagland, Peder Sæther, Alf Solem, Ole Flessen og Øyvind Magnor Bøe.

Thp d Julesong NOTE m FOTO.jpg
Julesongen som Olav Grytli (tekst) og Knut Kallset (musikk) laga under fangenskap på Grini jula 1944, kjem på CD før jul.

Thp e Lauenborg Hjørdis.jpg
Hjørdis Lauenborg, med slekt frå Sjølgjetla i Bøfjorden, var stor operastjerne på Det Kongelige Theater i København i 1950-åra. Her som Elsa i «Lohengrin» av Wagner.

Thp f Besøk.jpg
Godt besøk på museet også denne balldagen.

Thp g Lindeman OA Monument.jpg
«Norges første Musiker» Ole Andreas Lindeman (1769-1857) vaks opp på Øverlandet i Surnadal – der han fekk dette minnesmerket i 1983.

Thp h KORT Bøfj Rederi OTTO Skjermo.jpg
Dagens sjøbruksmuseum ligg der Bøfjords Rederi hadde brygga si for hundre år sia. Her ser vi fiskedampane «Bøfjord», «Skrøyfa» og «Hjelmen I» levere fangst etter tur til Island. (Dezibel Kortforlag)

 

Tekst/foto: Bernt G. Bøe