004_cropped_600x760

Vellykka avslutning på tursesongen

Måndag vart årets siste fellestur i regi Bæverford idrettslag gjennomført. Turmål var Rønningsetra, og 17 personar, to hestar og ein hund vart med oppover lia frå Hakstad. Oppmøtet var betre enn forventa, og dette hadde ganske sikkert med været å gjera. I løpet av dagen hadde været nemleg skifta frå grisevær til flott turvær. Klikk deg vidare og sjå bilete frå turen!

Både to- og firbeinte på tur opp lia. Alle foto: Maybrit Hakstad

Over og under: Små og store rastar ved seterskjelet.