Lilly Gunn Nyheim 1

Vedtok samanslåing av einingane

På kommunestyremøtet i Surnadal torsdag vart det diskusjon rundt forslaget om samanslåing av einingane Kommunalteknikk og Eigedom. Ordførar Lilly Gunn Nyheim ønska å utsette saka, men fleirtalet avgjorde at det blir samanslåing frå april 2019.


Usikkert om ein kan spare på samanslåing

Odd Asbjørn Bævre (Ap) ønska ikkje samanslåing av dei to einingane. Han sa at det har vore ufred i einingane lenge, på grunn av reduksjon av bemanning. Det er og usikkert om kommunen vil spare noko på ei slik samanslåing. Det har vore nedskjæringar i bemanninga i lang tid, samtidig som oppgavane veks. Vaktmeistrane og dei andre som arbeider i desse avdelingane gjer ein god jobb, men klarar ikke å gjennomføre alt dei skulle ha gjort. Dei har for lite folk, meiner Bævre.

Når det gjeld tilsettting av einingsleiar for ei ny samanslått eining trur Bævre ikkje det let seg gjera å finne ein person som kan alt innanfor eit så stort felt. Han råda kommunestyret til å stemme mot formannskapet si tilråding.

Men dersom det blir fleirtal for formannskapet si innstilling, vil han legge fram forslag om endring av formuleringa "Rekruttering av ny einingsleiar for den nye eininga skal skje gjennom ein intern prosess". Han forslår at utlysinga skal gjerast eksternt.

- Denne saka må bli avgjort i dag, la han til.
 

Alle må arbeide med omstilling

Nils Petter Tonning (Frp) sa at han har vore usikker på om dette er ei god løysing. Men alle må arbeide med omstilling. Han trur at bitane vil falle på plass underveis, slik at ein kjem i mål med sammenslåinga. Han viste til at andre kommunar allereie har gjennomført tilsvarande samanslåing.


Tor Rune Halset (H) sa at han er einig med Tonning. Omstillingar må til. Han ønska ikkje ekstern utlysning på stillinga som einingsleiar.


Ønska å utsette saka

Ordførar Lilly Gunn Nyheim (Ap) påpeika at det ikkje er vist til innsparing ved å slå saman dei to einingane. Ho stemte for innstillinga i formannskapet, men no har ho kome fram til at ho ønsker å utsette saka. Ho meiner det er betre å ta dette saman med saka om politisk og administrativ struktur som kommunestyret skal ta opp på eit seinare tidspunkt.
 

Helge Røv (Ap) sa at han og stemte for innstillinga om samanslåing i formannskapet. Han er framleis innstilt på å prøve dette.
 

Knut Haugen 2.jpg
Rådmann Knut Haugen
 

Stryk føringa om intern utlysing

Fleire representantar støtta forslaget om ekstern utlysing. 

Rådmann Knut Haugen peika på at formannskapet har støtta forslaget om intern utlysning, og at det er fullt lovleg å gjere det på den måten. Men den siste setninga i tilrådinga, om at stillinga skal lysast ut internt, kan strykast.


Formannskapet si tilråding vart vedteke mot 7 stemmer.

Forslaget om å ta bort den siste setninga i saka vart einstemmig vedteke.
 

DSC_1078.jpg