avstemning ny skule ps

Oppdatert:

Vedtok bygging av ny skule til 215 millionar kroner

Torsdag kveld vedtok kommunestyret i Surnadal å bygge nye Surnadal barne- og ungdomsskule, mot to stemmer. Saka er oppdatert.

5. september i fjor vedtok kommunestyret i Surnadal å lyse ut nye Surnadal barne- og ungdomsskule på anbod, samt å justere opp kostnadsramma til 215 millionar kroner, inkludert mva.

I denne summen ligg sjølve anboda, samt påløpte kostnadar, kjøp og riving av bustadhus, byggherrekostnadar og inventar.

Ved anbodsåpninga 14. februar var det klart at tre entreprenørar - HENT AS, Vibo Entreprenør AS og Consto Midt-Norge AS, hadde levert tilbod.

Torsdag vedtok kommunestyret - mot stemmene til Ole Stensby (SV) og Eli Vullum Kvande (MDG) - å sette i gang bygging av skule.

Kommunedirektør Knut Haugen åpna saka med å orientere kommunestyret.

– Alt om løysingar og økonomi har de behandla før, no er saka rett og slett om de vil byggje eller ikkje. Dette er «the point of no return», og blir det vedtak om bygging av skule startar vi med ein gong, sa han, og fortsette:

– Etter at plan- og byggenemnda vel entreprenør om to-tre veker, er det realistisk med rigging ca. 1. juni og byggestart med ein gong etter skuleslutt, når sommarferien startar.

Haugen fortalte at målet i forhandlingane med entreprenørane er å få med alle opsjonane, som er:

• Taktekking eks. ungdomsskule 
• Nytt ventilasjonsaggregat eks. ungdomsskule 
• Solcelleanlegg 
• Løfteplattform garderobar vest 
• Nytt SD – anlegg for heile skulen 
• Utomhusutstyr 

– Vi håpar å få til å forhandle inn opsjonane innanfor ramma, og målet er å få med alle. Klarar vi ikkje det, vil plan- og byggekomiteen måtte prioritere kva opsjonar dei meiner er viktigast.

Kommunedirektøren fortalte og at rivinga av blåbygget vert køyrt som eigen anbodskonferanse.

– Då vil vi nemleg henvende oss direkte til ekspertar på riving, og det er ikkje nødvendigvis dei same som er ekspertar på å bygge opp, sa Haugen, og anslo kostnaden med rivinga til rundt 3 millionar kroner.

– Desse pengane skal og innanfor ramma på 215 millionar kroner, sa han.

Haugen fortalte vidare at massivtre ikkje lenger er med i prosjektet som ein opsjon, men som ein obligatorisk del av anbodet.
 

Stensby kritisk

Etter orienteringa mottok kommunedirektøren mykje ros for god orientering, mellom anna frå Ap-representant Odd Asbjørn Bævre og May Iren Dønheim Hovde (H).

Hovde var likevel usikker på kva ho kom til å stemme.

– Eg tykkjer dette er vanskeleg, fordi det er ei sak vi har arva frå det gamle kommunestyret. Dei siste tala eg har sett om resultat for 2019 var ikkje oppløftande lesing, og då blir eg bekymra, sa Hovde, og fortsette:

– Eg likar å vere både nytenkande og optimist, men slit litt med å velje mellom optimisme og fornuft her. Er det ansvarleg av oss å bruke så mykje pengar når vi slit med økonomi og underskot? Klarer vi å oppretthalde dei lovpålagte tenestene våre med denne investeringa? Eg vil så gjerne, men tykkjer det er ei kinkig sak. Eg håpar det er klarare for meg når vi skal gå til votering.

Ole Stensby, SV, var nestemann på talarstolen:

– Det fortel mykje når det tidlegare kommunestyret la inn eit vedtak om at dei ville ha saka tilbake før. Vi har kanskje vorte reve med av dette prosjektet, og anboda har gått 70 millionar kroner over det som opprinneleg var planlagt. I tillegg har foreldre og lærarar har vorte overkøyrt når det gjeld val av løysing, sa Stensby, før han heldt fram:

– Har eg lese 2019-tala for økonomien vår rett, har vi 16 millionar att i driftsfondet. Det er ikkje mykje når vi har eit budsjett på 500 millionar kroner. Eg vil ikkje drive skremselspropaganda, men eg føler eg må sjå meg over skuldra for ROBEK-lista. Eg har ikkje lyst til å sitte i kommunestyret og køyre kommunen konkurs.

Stensby fekk svar på tiltale frå Ole Joar Bruset (H):

– Med tanke på skremselspropaganda, så må eg presisere at det ikkje er snakk om 70 millionar ekstra. Det vart vedteke 175 millionar inkludert moms i 2018, og med prisstigninga dei to siste åra er vi på 185. Så det er snakk om 30, ikkje 70, sa han.
 

– Gratulerer med dagen

Bergsvein Brøske frå Senterpartiet var klar på at dette var ein dag for feiring, samtidig som ein må jobbe knallhardt for å sikre gode tenester på alle område i kommunen i åra framover.

– Gratulerer med dagen til alle dykk i sentrum som har venta på ny barneskule. De fortener den. Eg skjønnar at folk tenkjer seg litt om når det er snakk om 215 millionar kroner. Det er eit kjempeløft og då skal det berre mangle at vi ikkje tek oss tida til å debattere, reflektere og diskutere konsekvensar og kva dette medfører, sa Brøske, og la til:

– For meg var «the point of no return» noko tidlegare enn i dag - for meg var det då vi vedtok ramma og sendte det ut på anbod. Så lenge anboda no er innanfor det, er vi i mitt hovudet ferdige med saka.

– Det vi no vedtek er ein 1-7-skule, som skal vere kjempebra for sentrumsungane våre, og i tillegg får vi ein ny, litt annleis ungdomsskule. Eg er sikker på at vi med dyktige folk, som Astrid Mogstad Høivik, i spissen, vil få ein klar overgang frå barneskule til ungdomsskule. For kommunestyret har vore heilt klare på at vi vil ha det. Vi har spissa kven som skal vere med i arbeidsgruppa. Kommunedirektøren er med sjølv, og eg tykkjer han har ei forbilledleg haldning når det gjeld å køyre dette løpet ut.

Haugen og Brøske.jpg
Kommunedirektør Knut Haugen og Senterparti-representant Bergsvein Brøske.

Brøske fortsette:

– I dag er tida for å seie «Jippi, no er vi der!», så får vi sørge for at det er akseptable midlar att, for å drive veldferds-Noreg vidare. Eg skal i alle fall passe på å stemme slik ved framtidige val, at vi skal klare å få til gode tenester innanfor alle område også i tida framover.

I ein kommentar til Trollheimsporten etter vedtaket i saka, seier Brøske:

– No er det opp til oss å få dette til å bli ein suksess, og det blir knallhardt arbeid. Vi må finne den entreprenøren som har mest lyst til å få til dette, og byggeleiaren må følgje prosjektet tett heilt til mål.

Janne Husby Haugen, SP, var klar på kva ho meinte om saka:

– Som kommunedirektøren sa, er dette ei sak om ein vil bygge skule eller ikkje, og eg vil bygge skule. Eg er kjempeglad for at det nærmar seg byggestart for ny skule på Øye.

Nils Petter Tonning, FRP var nestemann ut:

– Eg har vore skeptisk i mange år til å bygge ny skule, på grunn av økonomien. Eg er glad kommunedirektøren sa det han sa om opsjonane som skal inn, for det er ein del utfordringar, som eg sjølv har vore på skulen for å sjå på. Eg tykkjer nok dette er litt for dyrt, og det er viktig at vi får gjennomført prosjektet på ein god måte for å unngå overskridelsar.

Nils Petter Tonning og Ragnar Halle 690.jpg
Nils Petter Tonning (FRP) og Ragnar Halle (SP) i samtale, med Eli Vullum Kvande (MDG) i bakgrunnen.
 

– Blir eit signalbygg

Nils Håvar Øyås, SP, slo fast at dette vil bli eit signalbygg, med positive ringverknader:

– Dette er eit spesielt møte, og ei veldig viktig sak. Eg er glad for at tilrådinga er som den er, det betyr at vi har lykkast med anbodsrunden. Eg er og glad for at vi tok den ekstrarunden vi har gjort. Det tok ein periode lenger enn planlagt, men det er heilt klart verdt det, sa han, og la til:

– Vi skal bygge eit bygg i massivtre, og ivaretek både sirkulærøkonomi og bærekraft. Vi skuldar samfunnet, og ikkje minst ungane i sentrum, ein ny skule. Dette vil bli eit signalbygg i regionen, og skape bulyst. Vi er så heldige at vi har netto overskot på arbeidsplassar i kommunen, og treng difor bustader og attraktive bustader.

– Denne skulen vil skape bulyst, og vi treng bustader, gode tenester – det vil gjere det lettare for næringslivet å tiltrekke seg folk. Eg er veldig glad for at vi er komne dit vi er komne: vi får eit knakande godt bygg, som er meir tilpassa brukarane enn dei alternativa som har vore framlagt før. Dette er ein bra dag og det er eit godt vedtak som blir fatta i dag, sa Øyås.

Johs. Vaag, FRP, var oppteken av at Surnadal per i dag har det han omtala som låg lånegjeld per innbyggar og at lånerenta og er låg:

– Slik eg har oppfatta det er lånegjelden per innbygger relativt låg samanlikna med mange kommuner i fylket, og det er i så fall bra. Ifølgje sentralbanksjefen og liknande tyder det meste og på at vi har ei rente som vil halde seg låg framover.

Annett Ranes, AP, var neste på talarstolen:

– Eg heng meg på Janne Husby Haugen, og slår fast at eg vil bygge skule. Eg håpar verkeleg vi får fleirtal for at dette går gjennom. Samtidig er eg veldig samd med Bergsvein Brøske, om at dette er ikkje er gjort med lett hjerte og utan å tenke på konsekvensane dette kan få. Det har vore mange og lange rundar. Eg vil ha ein god og funksjonell skule, og ser ikkje noko anna val enn å bygge skulen.

– Eg håpar at flest muleg opsjonar kjem med. Nyskulen kan godt vere eit signalbygg for miljø og berekraft, men treng ikkje vere eit signalbygg elles – då er det viktigare at det er funksjonelt, sa Ranes.


– Dette er for kostbart

Ole Stensby (SV) stilte spørsmål ved om det ligg inne krav til bruk av lærlingar, og om det var sett krav til om det skal byggjast med norsk tre, eller om det skal importerast frå til dømes Kina. Han fekk svar frå byggherre Helge Rønning.

– Lærlingeordningar er det krav til, og vi har ikkje tenkt å importere frå Kina. Vi har ikkje lov til å sette krav til at materialet skal vere frå Noreg, men sannsynegheita er stor for at veldig mykje vert produsert her, sa Rønning, og la til:

– Når det gjeld opsjonane er eg usikker på om vi vil få råd til alle, men det er målet, og vi er ikkje ferdig med forhandlingane endå.

Eli Vullum Kvande frå MDG stemte imot sist saka var oppe, og gjorde det klart at ho ville gjere det same også denne gongen:

– Denne saka har ikkje endra seg for MDG sin del, og i mai nemnde eg fire punkt som er viktige for oss, og som måtte takast på alvor. Eg er så takknemleg for at det å bygge med massivtre ikkje lenger er ein opsjon, men obligatorisk, så eg takkar for det. Dei andre tre punkta eg nemnde som viktige i mai var at fagarbeidarar og lærarar, økonomisituasjonen og trepartssamarbeidet var viktig.

– Sist stemte eg imot på grunn av desse punkta. Så kom vi til desember og kutta millionar på mellom anna helse, utan å klare å seie konkret kva som skulle kuttast. Eg veit at desse utfordringane står som eit tårn framfor oss, og eg tenkjer som Ole Stensby, at dette er for kostbart, sa Kvande, og la til:

– Vi i MDG kan ikkje slutte å tenke på at vi kunne rehabilitert og bygd opp igjen fleire av dei eksisterande bygga. Eg føler at eg har masa og masa om massivtre og energitiltak sidan 2015, og teke opp fleire konkrete punkt som ikkje nødvendigvis har vorte kika på.


Tenkt overtaking 1. desember 2021

Gunhild Vetleseter Bøe frå Senterpartiet sa at for dei som har arbeidskvardagen sin på Øye, er det ingen tvil om at det trengs ny barneskule.

– Det er alle samde om, og har vore det i mange år. Det blir sagt at en del ansatte er lunkne til ny skule, men det gjeld ikkje om det trengs ny skule eller ikkje. Det som har vore, og vel er framleis, er litt skeptisisme overfor somme av løysingane, som kanskje ikkje vart heilt slik vi såg for oss. Det skal samtidig seiast at ein del av ønskja våre har vorte imøtekomme, som at det no er fleire inngangar for elevane, sa ho, og fortsette:

– Eg ønskjer å gå inn for bygging av ny skule. Vi treng den, og det blir nok berre dyrare og dyrare om vi utsett det. Det smakar riktignok litt beskt at dette kanskje gjer at det blir litt trongare på ungdomsskulen, så det er nok der «lærarskoen» eventuelt trykkjer. Det skal bli spennande og interessant å sjå korleis denne nye skuleløysinga blir, for eg håpar det blir noko av dette prosjektet no. Forhåpentlegvis kjem det til å fungere godt, både for bygda og ungane våre - det fortener dei.

Ole Stensby, SV, tok replikk med ei presisering av kritikken han kom med i det første innlegget sitt:

– Alle er samde om at det trengs ny skule på Øye, så eg vil gjere klart at kritikken min var mot framgangsmåten og løysinga som er valt.

Då avstemninga kom vart det raskt klart at det vart eit overveldande fleirtal for bygging av ny skule, mot stemmene til Stensby og Eli Vullum Kvande.

Etter vedtaket torsdag, er det plan- og byggjenemnda for Surnadal barne- og ungdomsskule som har ansvar for å følgje opp byggjeprosjektet vidare, og det er og dei som skal velje tilbydar. 

Planlagt byggestart for den nye skulen altså 1. juni, medan tenkt overtaking av ny skule er 1. desember 2021. 
 

Kommunedirektøren si innstilling, vedteken mot to stemmer:

"1. Surnadal kommunestyre vedtek å byggje Surnadal barne- og ungdomsskule innafor ei ramme på kr 215 mill. inkl. mva. Grunnlaget for dette er dei innkomne tilboda i anbodsutlysinga. Forventa byggjestart er 01.06.2020.

2. Investeringsbeløpet skal finansierast gjennom låneopptak.

3. Den nedsette arbeidsgruppa fortsetter arbeidet gjennom heile planleggings- og utbyggingsperioden.

4. Plan – og byggjenemnda for Surnadal barne- og ungdomsskule vel entreprenør i tråd med reglementet for plan- og byggjenemnder pkt. 11.4,f."