sondre ormset eli kvande

Vedtok busetting av flyktningar

Kommunestyret i Surnadal vedtok torsdag å seie ja til IMDI si oppmoding om å ta imot og busette 16 nye flyktningar i 2020.

Einingsleiar for Vaksenopplæring og integrering, Olav Bergheim, starta med å orientere om drifta til eininga, og fortalte mellom anna at 80 prosent av dei som er ferdige med introduksjonsprogrammet i Surnadal no er i jobb.

Nils Petter Tonning på FrP var først på talarstolen, og Tonning gjorde det klart at han og partikollega Svein Ingvar Wærum kom til å gå imot kommunedirektøren si tilråding om å busette 16 nye flyktningar. Det begrunna Tonning hovudsakeleg med mangel på bustader.

– Vi har ikkje mange hus tilgjengeleg, og vi snakkar mykje om at vi ønskjer å få ungdommane heim att. Då treng vi dei ledige bustadane vi har. Det Olav Bergheim seier om at 80 prosent no er i jobb er positivt, men er det vaksenopplæringstilbodet vi har i dag nok til at vi kan ta imot fleire flyktningar? Eg er usikker. Difor kjem vi til å stemme imot, og eg håpar vi blir fleire enn to som gjer det same, sa Tonning.  

Eli Vullum Kvande (MdG) var ikkje samd med FrP-representanten:

– Eg seier og som eg gjorde i februar: så klart skal vi ta imot og busette nye flyktningar. Eg tenkjer at Surnadal er og bør vere godt eigna for dette.

Annett Ranes (Ap) omtala det å ta imot flyktningar som eit samfunnsansvar ein bør strekkje seg langt for å ta.

– Gjennom dei åra vi har hatt flyktningar har vi bygd opp ein god struktur, og rapportane frå einingsleiaren viser at vi får til å integrere dei på ein veldig god måte. Eg stiller meg heilhjerta bak innstillinga til kommunedirektøren, sa Ranes, og slo fast at det er viktig at Surnadal er ein kommune som viser rausheit.

Også Kari Evensen (Sp) gjorde det klart at ho støtta busettinga av 16 nye flyktningar heilt ut, og ho slo og eit slag for å få på plass fleire barnehageplassar før flyktningane kjem til bygda.

Partikollega Sondre Ormset gjorde det klart at han ser på busetting av flyktningar som ei gladsak.

– Flyktningane vi allereie har teke imot er kjempegode tilskot til bygda vår, og mange engasjerer seg aktivt i lag og organisasjonar – mellom anna på fotball. Når vi får ei oppmoding frå IMDI om å ta imot 16 flyktningar, er det ei teikn på at vi har gjort noko rett, sa Ormset, og la til:

– Det viser at vi har ei dyktig eigedomsavdeling og vaksenopplæring, som gjer at IMDI vil ha flyktningar hit. Det er dei kommunane som gjer det godt som får denne oppmodinga om busetting, så dette er eit klapp på skuldra for den gode jobben som vert gjort i Surnadal kommune.

Bergsvein Brøske (Sp) tok og ordet:

– Eg kjem aldri til å vere i tvil om at kommunestyret i Surnadal skal ta imot flyktningar. Så fattige blir vi aldri, at det ikkje skal vere tema, sa Brøske, som trakk fram Else Brandvoll Andresen som ein foregangsfigur for integreringsarbeidet som skjer i lag og organisasjonar i Surnadal.

Ole Stensby (SV) var sistemann på talarstolen:

– Eg er veldig positiv til å ta imot flyktningane, som foreslått. Det einaste eg har høyrt om eininga Vaksenopplæring og integrering er skryt, så eg gler meg til å besøke dei under politikaropplæringa.

Ingressfoto: Sondre Ormset (Sp) og Eli Vullum Kvande (MdG).