sondre ormset og margrethe svinvik 1500

Vedtok å bli berekraftkommune: – Eit stort, men viktig arbeid

Eit samla kommunestyre i Surnadal vedtok onsdag at kommunen skal verte ein berekraftkommune, slik Møre og Romsdal fylkeskommune har oppmoda dei til. Politikarane vil inkludere innbyggarane i berekraftarbeidet, og vedtok og at kommunen sine fondsmidlar skal investerast i fornybar energi og framtidsretta næringar.

Ingressbilete: Sondre Ormset og ordførar Margrethe Svinvik kom begge med tilleggsforslag for å auke både politikarar og innbyggarane si bevisstheit på berekraft, klima og miljø. Alle forslaga vart samrøystes vedteke.

Margrethe Svinvik var tydeleg frå talarstolen då ho oppmoda kommunestyret til å seie ja til at Surnadal skal bli ein berekraftkommune.

Etter ei innleiing frå spesialrådgjevar for berekraft i Møre og Romsdal fylkeskommune, Ole Helge Haugen, slo ordføraren fast at det å finne ut korleis ein kan ivareta planeten vår for komande generasjonar, er den viktigaste politiske saka framover.

– Det betyr at vi må tenke globalt og handle lokalt. Eg har stor tru på at dei 17 berekraftsmåla frå FN er rett veg å gå. Her blir heile samfunnsstrukturen belyst, med kva som skal til, for å komme på rett veg. Basisen og grunnfjellet i berekraftmåla er klima og miljø, og på denne måten sikre at framtidige generasjonar får dekt sine behov og får gode liv.

Svinvik snakka og om dei viktigheita av å jobbe for å nå dei FN-punkta som omhandlar sosiale forhold og økonomi.

– Ein må jobbe på fleire hald samtidig, og saman. Berekraftsmål nummer 17 er samarbeid, og vi er heilt avhengige av samarbeid for å få til dette. Det gjeld alle land, kommuner, bedrifter, gamle- og unge innbyggarar. Det er eit stort, men viktig arbeid, som skal leggast ned, sa Sp-toppen, og la fram to tilleggsforslag, der det eine gjekk direkte på inkludering av innbyggarane i Surnadal.

Eli Vullum Kvande og Ole Helge Haugen 690.jpg
Eli Vullum Kvande (Mdg) og berekraftrådgjevar Ole Helge Haugen frå Møre og Romsdal fylkeskommune er optimistiske etter kommunestyret sitt vedtak onsdag.


– Ei gåve til ungdommane i bygda

Eli Vullum Kvande frå Miljøpartiet dei Grøne (MDG) starta innlegget sitt med å rose ordførar Svinvik for å vere pådrivar for tiltaket, og kommunedirektør Knut Haugen for rask saksgang. Ho slo vidare fast at det å bli berekraftkommune kan vere eit nyttig verktøy, både for politikarar og administrasjonen, i tillegg til at det er av stor viktigheit for kommune sine innbyggjarar.

– Dette er så viktig for ungdommane har i bygda, og i mitt hovud er dette ei gåve til dei. Vi viser at vi bryr oss om framtida deira, og at vi tek tak, seier Vullum Kvande, og understrekar:

– Vi skal ta vare på behova for dei menneska som lever i kommunen vår i dag, men utan at det går utover dei som kjem etter oss. Vi skal greie å sikre den vesle detaljen som er planeten vår, både for surnadalingar og alle andre.

MDG-representanten peika på det å bli berekraftkommune som ein fin måte å involvere innbyggarar og næringsliv på, og argumenterte for at eit slikt tiltak vil gje positive ringverknader både innad i kommunen og kanskje og utom Surnadal sine grenser.

Vullum Kvande fekk med seg eit samla kommunestyre på å vedta to tilleggsforslag. Det eine var at kommunen skal bruke berekraftmåla aktivt i innkjøps- og anskaffelsesordninga, medan det andre slo fast at Surnadal kommune skal investere fondsmidlane sine i fornybar energi og framtidsretta næringar.


– Vi skal ta leiarskap

Fekk med seg kommunestyret på tilleggsforslag gjorde og Sondre Ormset (Sp).

Han omtala saka som ei skikkeleg gladsak, og oppmoda kommunestyret til å vere med på å vedta at Surnadal skal bli berekraftkommune.

– Berekraft er altinngripande, og som fleire har vore inne på, er berekrafttankegangen noko som har stått sterkt i Noreg i lang tid. Vi har vore gardbrukarar og skogbrukarar nesten alle mann opp igjennom, og der lærer ein at ein skal overlate garden eller skogen i litt betre forfatning enn då ein tok over, seier Ormset, og fortsett:

– Det skal vi fortsette med, og vi skal vere med og ta leiarskap – som Greta Thunberg gjer når ho talar Donald Trump midt imot. Vi skal gjere det vi kan for at verda blir ein litt betre plass.

Ormset kom med forslag om at det i saksframlegga til alle saker som skal behandlast i kommunestyret og andre utval, skal synleggjerast kva berekraftmål som vert påverka av saka.

– Det gjer at både politikarar og innbyggarar har berekraftmåla lenger framme i bevisstheita, sa Ormset, som fekk med seg heile kommunestyret på tilleggsforslaget sitt.

SV-representant Inger Johanne Iversen sa frå talarstolen at ho var glad for dei innkomne tilleggsforslaga frå Svinvik, Vullum Kvande og Iversen, og understreka samtidig viktigheita at punka som går på menneskeleg berekraft.

– Eg vil hevde at måla som omhandlar menneskeleg berekraft, er utruleg viktige. Skal vi oppnå måla som omhandlar miljø, må vi ha menneskeleg berekrfat på plass først. Det gjeld spesielt punktet som går på å bekjempe fattigdom, seier Iversen.


– Vegen blir til medan ein går

Annett Ranes (Ap) tala og varmt om viktigheita av berekraft, klima og miljø, men etterspurte samtidig meir informasjon om kva vedtak om å bli berekraftkommune reint konkret vil ha å seie for Surnadal kommune.

– Eg har veldig lyst til å seie ja til dette, og kjem nok til å gjere det. Innspela som har komme er gode, men eg hadde kanskje sett for meg at dei kom i neste runde, når vi skal starte arbeidet med å sjå nærare på kva konkrete berekraftstiltak vi skal prioritere her i Surnadal, seier Ranes.

Kommunedirektør Knut Haugen fortalte frå talarstolen at han føler seg heilt trygg på at Surnadal kommune, saman med fylkeskommunen, næringsliv og innbyggarar, skal klare å handtere det å vere berekraftkommune på ein god måte. 

– Vegen blir litt til medan ein går, men dette er noko vi skal klare å handtere, som eg trur kjem til å bli bra til slutt.

Og med eit einstemmig kommunestyrevedtak er saka klar: Surnadal kommune vert berekraftkommune, og startar ein tverrfagleg prosess med utgangspunkt i FN sine 17 berekraftmål.

Ifølge tilrådinga i saksframlegget, betyr det at:

  • Surnadal kommune ser positivt på oppmodinga frå Møre og Romsdal Fylke, og ønskjer å delta i eit aktivt berekraftarbeid i Møre og Romsdal, saman med fylkeskommunen, andre kommuner og det lokale næringslivet.
     
  • Surnadal kommune skal ha FN sine berekraftmål som viktige hovedtema i kommunal planlegging på overordna nivå, med dei tre dimensjonane klima og miljø, sosiale forhold og økonomi som viktige måleparameter.
     
  • Det skal settast fokus på godt lokalt berekraftsarbeid i Surnadal kommune, for å bli meir bevisst på berekraft både i politisk arbeid og kommunen si forvaltning og drift, både internt og i kontakten med innbyggarane.
     
  • Kommunedirektøren gjennom 2020 skal utarbeide ei plan for korleis berekraftsmåla skal implementerast i eigen organisasjon. Dette skal skje parallelt med (og som ein del av) arbeidet med Kommuneplanen sin samfunnsdel.
     
  • Målsettinga er innføring av eit gjennomgåande system, der det aktuelle tiltak/aktivitetar i den daglege drifta blir målt opp mot dei 17 berekraftmåla (eller eit nærare bestemt utval av desse) gjennom ein modell for datainnsamling og rapportering som kan synleggjere resultata i berekraftarbeidet på overordna nivå. Rapportering til kommunestyret skal skje i samband med ordinær kvartalsrapportering.
     
  • Arbeidet med berekraftsmåla skal vere eit viktig tema i kommunen sitt trepartssamarbeid