Vask

Vatn tek liv - og det er vårt ansvar

Nokre stader i verda får stadig mindre vatn, andre stader vert det stadig meir vatn. Klimaendringar er ei global utfordring, og derfor også vår utfordring. Me må både stanse endringane og hjelpe dei som allereie er ramma.

Alle som har vore på ein lang løpetur veit at vatn kan vere ei velsigning, og alle som har fått vannlekkasje i veggen veit at det kan vere veldig øydeleggjande.

I mange utviklingsland er det også slik, berre i ein langt meir ekstrem versjon. For om du allereie lever på smertegrensa av kva du kan tole, så er tørke eller flaum dødeleg. Matkammer vert tømde om regnet ikkje kjem, og hus kan falle saman om det regnar for mykje og for lenge. Det er verdas mest sårbare som vert mest såra av klimaendringane.

Samtidig er me alle ansvarlege for endringane som skjer, og det er derfor me alle må bidra. Rike og fattige, kristne og humanister, bygd og by.

Rindal og Surnadal er med på årets Fasteaksjon, der formålet er å samle inn pengar til menneske som er ramma av mangel på vatn, toalettar og andre ting som er naudsynte å ha. Ein del av aksjonen er også å peike til vårt felles ansvar for verdas klima. Ei klimakrise er også ei vannkrise. Både fjorårets flaum på Sørlandet, orkanane i Karibien, tørka i Somalia og vassmangelen i Cape Town minner oss på dette.

I møte med klimautfordringar er det lett å tenke negativt om kva rolle ein sjølv spelar i det store biletet. Mange vil stille spørsmål om det i det hele tatt nytter å bry seg, når det er så mange som ikkje gjer det. Det er då ein skal tenkje på at det faktisk er ganske mange som nettopp bryr seg, og som kvar dag gjer ei endring i livsstil sin til det betre for klimaet.

Og jo fleire som vert med på trenden, jo lengre kjem me. For om me er mange nok flytter me fjellet litt etter litt. Og om me er mange nok, vil politikarar, marknadskreftene og næringslivet kome etter og ta de naudsynte kutta for å stanse klimakrisa me står oppi.

I tillegg til klimautfordringa er også Fasteaksjonens mål om å samle inn penger til folk på flukt, i kriser eller stader kor utviklinga har gått for sakte, eit ansvar me bør ta. Globaliseringa gjer verda stadig mindre, og me kan ikkje melde oss ut. Ei krise langt borte, er også ei krise me skal ta ansvar for å møte, sjølv om me ikkje er direkte ramma sjølv.

Me i kyrkjelydane i Rindal og Surnadal håper du vil ta varmt imot bøssebærarane som skal gå med bøsser (husk kontanter) tirsdag 20. mars kl. 17.00 - 20.00, til inntekt for nokon som manglar reint vatn, ein do eller ein trygg stad å bu.
Konfirmantane har det travelt med treningar og anna, så det kan hende du får besøk til anna tid.