råg schei 2

Vassnivået i Surna måndag tilsvara 50-års-flaum

Då elva Surna fløymde over måndag, skjedde det ekstremt raskt, og på sitt største var elva oppe på eit nivå som tilsvarer 50-års-flom. Elveeigar og leiar i Skei Fiskarlag, Råg Schei, let seg difor provosere kraftig av det han opplever som urettferdig kritikk i sosiale medier.

Som så mange andre surnadalingar, følgde Råg Schei tett med på Surna og flaumen måndag. Utover kvelden kjende han meir og meir på kor provosert han vart på bøndene sine vegne.

– Det er viktig å få fram nyansane i dette. Går ein tilbake i tid og ser på vasstand og auke i elva, er det som skjedde måndag heilt spesielt. Det var ei enormt rask auke i vasstanden, seier Schei, og legg til:

– Når det kjem så mykje vatn på så kort tid, er dyra ekstremt sårbare. Sauene søker seg jo til det høgste punktet, men når det blir så ekstremt som dette, og det i tillegg skjer på eit slikt tidspunkt på døgnet, vert dei fanga.

Leiaren i Skei Fiskarlag, som sjølv jobbar mykje med å legge til rette for aktivitet i- og bruk av elva, brukte lunsjen måndag til å sykle rundt og ta bilete av vasstanden.

Schei tykkjer folk bør spare seg for å kritisere bøndene i kommentarfelta.

– Dersom ein ser på grafane som viser vassføringa i Surna, var vassnivået det same midt på dagen laurdag som det var ved midnatt natt til måndag. Frå då av kom det heilt enorme mengder vatn, og når det skjer så fort er det heilt umuleg å førebu seg mot, seier han, og fortsett:

– Eg las i kommentarfelta til NRK og Dagbladet, og vart såpass provosert at eg heldt på å svare enkelte der. Til slutt enda eg med å viske ut det eg hadde skrive. Eg fann ut at livet mitt rett og slett er for kort til å diskutere med slike idiotar.

Den 44-årige elveeigaren, som eig frå Raneskleiva og til midt i Bergheimshølen, fortel at han føler med dei som mista dyr i flaumen.

– Eg trur det var fleire enn meg som vart litt skipla av dette i går. Folk i kommentarfelta kritiserer meir enn gjerne, men anar ikkje kor ekstremt mykje vatn som faktisk kom i løpet av kort tid. Då tykkjer eg det er viktig å nyansere biletet litt for dei.

Grafane viser nemleg at vasstanden i Surna, då den var på sitt største måndag, var bortimot 450 m3/s. For å sette det i perspektiv er 342 m3/s rekna som 10-års-flom, medan 454 m3/s er rekna som 50-års-flom.

uke flom bilde surna oppdatert.gif
Kilde: http://www2.nve.no/h/hd/plotreal/Q/0112.00027.000/uke.gif (Henta ut 17.9.19. kl. 18.10)

råg schei 1.JPG
Råg Schei.

Her er Råg Schei sine eigne bilete frå Surna, teke i lunsjen måndag 16. september.:

flom1 foto råg schei.jpeg

flom2 foto råg schei.jpeg

flom3 foto råg schei.jpeg

flom4 foto råg schei.jpeg

flom5 foto råg schei.jpeg

flom6 foto råg schei.jpeg