Alle tre

Sommarkonsert

Vart og vakkert på skimuseet

Vart og vakkert kan vere ei passende overskrift på kveldens konsert på Rindal skimuseum med sogningen Åshild Mundal, Jo Ranheim og Øyvind Engen. Publikum koste seg!

Rindal skimuseum var siste stopp på ein turné denne trioen har vore på, der dei mellom anna har hatt minikonsertar i togvogna på Dovrebanen. Fellesnemnaren for desse tre er Øra studio i Trondheim. Der har dei treftes, eit møte som har munna ut i eit svært vellukka samarbeid og denne turneen.

Åshild Mundal er sognejente frå Hafslo i Luster, men flytta til Stjørdal for 9 år sidan, etter å ha funne seg ein trønder. Ho har to album bak seg, ”Fritt fall” som kom ut i 2011, og den siste ”Hotell” har begge fått gode kritikkar. Mange nytta høvet til å sikre seg begge CD-ane i etter konserten. At publikum likte musikken som vart dei til del, er det ingen tvil om. Det var ei heilt spesiell stemning under konserten, og tre ekstranummer måtte til før tilhøyrarane var fornøgde.

Åshild Mundal Jo Ranheim_700x477.jpg

Mundal fekk til og med publikum med på allsong. ”Dette blir noko å skrive om på Trollheimsporten,” sa Jo Ranheim. ”- rindalingar som korar på sognamaol !”

Åshild Mundal lagar songane sine sjølv, og alt som vart presentert på kveldens konsert var sjølvlaga, så nær som ein låt. Som sogning måtte ho sjølvsagt ha med Olav Stedje sin vakre ”Vi vandrar saman”, som ho hadde laga sin eigen spesielle versjon av.

Med tonefølgje av rindalingen Jo Ranheim og Øyvind Engen på cello, desse karane kan å traktere sine instrument, vart kvelden særs vellukka, og ei fin oppleving for alle som var til stades.

Publikum_700x372.jpg

Og eit 40-tals personar samla til konsert ein måndagskveld er slett ikkje ille!

Dessert_700x467.jpg

Og sidan skimuseet hadde 1-årsdag i dag, vart det servert gratis dessert til kaffen!

 

Her kan du følgje Åshild Mundal på facebook og lese om turneen