1 arild magne gjerdevik, råg ranes og margrethe svinvik ps

Varslar om fulle vassmagasin i sommar: – Vil ikkje ha normal mulegheit for flomdemping

Den seine, snørike vinteren gjer at det ligg an til periodar med fulle dammar i Gråsjø og Follsjø i sommar. Statkraft og Surnadal kommune har allereie starta dialog og førebuingar, i tilfelle flaum.

Ingressfoto: Arild Magne Gjerdevik frå Statkraft, plansjef i Surnadal kommune, Råg Ranes og ordførar Margrethe Svinvik.
 

Onsdag møttest representantar frå Statkraft, Surnadal kommune og Surnadal Bondelag til dialogmøte med temaet snømengde og flomprognosar.

Aktørane kjem no med ei felles oppmoding til folk som har dyr, verksemd eller utstyr langs elvene i Surnadal:

– Vêr obs på at det kan komme flaum, og at det kan skje i fleire omgangar i løpet av sommaren.

I eit møte tidlegare onsdag, fekk ordførar Margrethe Svinvik, varaordførar Hugo Pedersen og representantar frå kommuneadministrasjonen dei siste prognosene frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

– Dei viste at det kanskje ikkje ser så mørkt ut med tanke på flaum, som frykta. På heilt kort sikt kan det komme ein topp rundt 3.-4. juni, men jamt over ligg det på- eller rett under det dei kallar middelflaum. Vêret har spelt på lag, seier Svinvik, og legg til:

– Så langt. I perioden framover er det viktig at spesielt dei som oppheld seg- og driv næring ved elva, er påpasselege. Vi vil og oppmode innbyggjarane våre til å halde seg oppdatert på flaumvarsel gjennom www.varsom.no.

2 møtebilde.jpg
Gunhild Eidsli (f.v.), Tor Arne Moen, Hugo Pedersen, Knut Haugen, Margrethe Svinvik, Arild Magne Gjerdevik, Råg Ranes og Ragna Marie Mauset på dialogmøtet om snømengde og flaumfare onsdag.


Fulle magasin i lange periodar

Arild Magne Gjerdevik frå Statkraft fortel at det veldig sjeldan er så mykje snø i fjellet som no. Dette er grunnen til at dei no vil vere offensive og vere tidleg ute med å varsle om ståa.

Han er likevel klar på at situasjonen per i dag er under kontroll, og at det «kan gå godt og».

– Som Margrethe seier, er ting veldig roleg og kontrollert per no. Snøsmeltinga har så langt gått pent og pynteleg for seg, med fint ver og grei temperatur.

Varmen som er meldt i- og over helga gjer at vassmengdene inn i magasina til Statkraft kjem til å auke betrakteleg frå og med tysdag.

– Det verste som kan skje er at det kjem ein varmeperiode, som blir avløyst av mykje regn, seier Gjerdevik.

Han fortel at NVE sine prognosar viser at dammane ved Gråsjø og Follsjø vil bli fulle i lange periodar i sommar.

Magasina i Gråsjø og Follsjø samlar tilløpa frå Surna sine sideelver, og den store magasinkapasiteten gjer at ein til vanleg har gode mulegheiter for flaumdemping.

– Prognoser viser at det kan bli lange periodar med fulle magasin. Det betyr at vi ikkje vil ha den normale mulegheita for flomdemping, og dermed er det litt meir sårbart enn vanleg, seier Gjerdevik.

Dei store og seine snømengdene har ført til dei høgste målingane på over 20 år, med mykje meir vatn enn normalt.

– Snøsmeltinga er rundt ein månad forseinka i forhold til normalen. Det at det ser ut til at dammane vil vere fulle over ein lang periode, gjer at elva vil vere så stor som den er naturleg - slik ho var før dammane vart bygde, seier Gjerdevik, og legg til:

– Det kjem til å skje i ein periode i sommar, for ifølgje prognosane vil dammane renne over rundt månadsskiftet juni/juli.

Statkraft har lenge observert situasjonen, og vore i dialog med Surnadal kommune. Magasina ved Gråsjø og Follsjø er tappa ned så mykje som Statkraft har lov til. Dei må alltid ha nok vatn i vassmagasina til minstevassføring.

– Går magasina fulle rapporterer vi til NVE, og vi har tiltaksplaner som vert iverksett ved overløp. Ved store overløp på dammane sett vi beredskap, seier Gjerdevik, som og understrekar at Statkraft har aktiv overvåking via driftssentralen på Gaupne heile døgnet.

Kor store overløp det kan bli snakk om i Surnadal, er naturleg nok umuleg å spå, ettersom det kjem an på vêr, temperatur og nedbørsmengder.

– Ein må berre følgje godt med på prognosane til NVE, seier Statkraft-representanten.

3 Hugo Pedersen, Tor Arne Moen, Arild Magne Gjerdevik, Ragna Mauset, Margrethe Svinvik og Råg Ranes.jpg
Varaordførar Hugo Pedersen (t.v.), brannsjef Tor Arne Moen, Arild Magne Gjerdevik frå Statkraft, Ragna Marie Mauset frå Surnadal Bondelag, ordførar Margrethe Svinvik og plansjef i Surnadal kommune, Råg Ranes.


Håpar folk oppfattar alvoret

Brannsjef Tor Arne Moen var på plass på møtet, og han fortel at han håpar folk oppfattar at dei må gjere tiltak, og at dei må gjere dei tidleg.

– Det er viktig at folk tenker over alt frå lagring av rundballar til plassering av campingvogner, og flyttar unna det som står ved elva. Her kan det komme fleire rundar med flaum, og no er det varsla tidleg, seier han, og fortsett:

– Dersom ein ikkje iverksett nødvendige tiltak kan det få store konsekvensar, så det er viktig at folk skjønnar alvoret.

Moen peikar og på at det kan vere lurt at folk ordnar seg førebur seg på til dømes vatn i kjellaren.

– Trur ein at ein er i faresonen kan det vere lurt å førebu seg på det no, og ordne seg bereskap når det gjeld lensepumper, seier han.

Varaordførar Hugo Pedersen er glad for at kommunen og Statkraft har starta førebuingane før sommaren tidleg, og støttar Moen.

– Eg trur det er veldig lurt at vi allereie er komne i gang med førebuingane, og eg tykkjer det er viktig at innbyggjarane er klare over at vi kan komme i ein ekstraordinær situasjon i år.

Pedersen og bondelagsleiar Ragna Mauset seier at dei vil bruke den nyetablerte beredskapsgruppa for landbruk i kommunen til å informere om situasjonen og anbefalte tiltak.

– Vi er vante til vårflaum, og eg trur ingen gardbrukarar plasserer verken rundballar eller dyr uansvarleg. Det er likevel viktig at folk er ekstra bevisste på kvar dei plasserer dyra sine ved ein potensiell flaumtopp i juli.

Plansjef Råg Ranes åtvarar og om den potensielt alvorlege situasjonen:

– Vi har sett at vi kan få store flaumar i elvene våre sjølv om det er ledig kapasitet i magasina. No kan vi få ein situasjon der dammane går fulle medan det framleis er snø i fjellet. Det er spesielt, seier han.
 

– Vi skal bidra til å redusere flaumar

Arild Magne Gjerdevik fortel at flaumane i Surna stort sett kjem brått og brutalt, som storflaumen i fjor haust. Det gjer førebuingar og tiltak ekstra utfordrande, både for Statkraft og andre.

– Det er ofte i august og utover problema og dei store flaumane i Surna har komme. Skal eg vere litt spåmann, trur eg kanskje det skumle i år kan vere ein slik brå, lokal flaum – etter nokre døgn med store mengder regn.

Han og Statkraft ønskjer no å oppretthalde eit godt samarbeid med kommuner, grunneigarar og andre involverte.

– I samarbeid må vi fortløpande vurdere kva som er lurt å gjere. Dersom det er formålstenleg at vi stenger ned ein periode, gjer vi det. Vi skal ikkje bidra til at flaumen aukar. Samfunnsoppdraget vårt er å bidra til å redusere den, og det skal vi gjere, seier Gjerdevik.

4 Surnadal kommunehus illustrasjon.jpg
Surnadal kommune, Statkraft og Surnadal bondelag har starta førebuinga i tilfelle det skulle bli flaum i sommar.