Varmande a 2015 06 14 TrhBrass STV krk a_700x509

Varmande sommarkonsert

Bildet over: TrollheimsBrass fylte Stangvik kyrkje med blanke tonar og friske rytmer.

Pøsregnet hindra det store frammøtet i Stangvik-kyrkja søndag kveld. Men TrollheimsBrass og Gro Kjelleberg Solli vermte dei som kom - og lokka endatil nokre solstrålar inn gjennom glaset!

Alt var nært, folkeleg – og akustisk. Folketonen «Sjung, hjerte, sjung en Aftensang» smaug seg varleg frå Gro sine lepper ut i det vakre rommet. Eg trur alle hjarte vart med i kveldssongen frå denne vidunderlege starten.

Kvedaren frå Angvika og Østerdalen song mjukt, følsamt og elegant – og klimpra lekkert på 7-strenga lyre til mange av folketonane. Rolf Holte har laga kopien av den legendariske Kravik-lyra frå 1200-talet - landets eldste – som kledde melodistoffet til fulle. Ved sida av Nu rinder Solen op, Mellom bakkar og berg og Kråkevisa dukka og fram ein ny gammeltone frå Stangvik – ein julesalme etter Synnøve Olsen. Lekkert, som alt Gro serverer!

TrollheimsBrass (Sundalens Stor-Blæse-Ensemble) hadde eit klangrikt og variert program – med spenn frå Trondhjæmsnatt til salmetonen Fra Verden du mig til Himmelen fører.

Aller mest virkar gruppa betatt av den tyrolske band-stilen. Frå kjenningsmelodien Båhus Bataljon til ekstranummeret Böhmische Sterne var det fest og oppmuntring i å lytte til dei ti entusiastane frå bygdene rundt Trollheimen: Åtte blåsarar frå B-tuba til trompet pluss to perkusjonistar, dirigent og arrangør Bjørn Stomsvik medrekna, på store og skarpe trommer, store og små klokkespel og endatil pauker. Og på ekte tyrolervis stemte dei i med friske songvers innimellom.

I dei mest krevande satsane tidleg i programmet kunne det knipe litt med intonasjonen. Men alt gjekk seg fint til, og både Ut mot havet (euphonium-solist Sigfred Gravvold), tyrolermarsjane og eksempelvis Tir na noir let nydeleg.

Varmande b 2015 06 14 Gro Kj Solli STV krk a_700x699.jpg
Lyrisk i dobbel forstand: Lekker song av Gro Kjelleberg Solli til tonefølgje på velklingande kopi av Kravik-lyra.

Den avsluttande «Vaaraften under Skorgfaldet» vart ei kjempeoppleving - nydeleg arrangert, for solist Gro og bandet av den dyktige dirigenten. Bjørn Stomsvik fortalte også om bakgrunnen – høgst aktuell i desse Lady Arbuthnott-tider: Lars Hoås, ulykkeleg forelska i Karen Lønset, låg under fossen Skorgfallet og forma ein gripande tekst, som så John Endresen Torske sette følsam melodi til. Ei kulturperle av dei sjeldne.

Summarum: Takk for søte musikkopplevingar på ein sur ver-kveld!

Tekst og foto: Bernt G. Bøe.