2019-10-08 19

Oppdatert med bilete frå Brattset og Syltnebba:

Vardebrenning mot vindkraft

I kveld brann det vardar som demonstrasjon og kampvarsel mot vindkraftutbygging mange plassar i Norge. Her i distriktet var det vardebrenning ved Brattset i Bøverdalen og på Høgåsen ovanfor Røen i Rindal (bildet)

Det var surt og kaldt ver med duskregn, så oppmøtet i Rindal var ikkje så stort, men det var god aldersspreiing og kjønnsfordeling. 

Vardebrenning på denne dagen, 8. oktober, er 40 år etter at samar sveltestreika framfor Stortinget mot Altautbygginga. Også denne gongen er det lokalsamfunn som aksjonerer mot naturinngrep i deira nærmiljø.

I Rindal var det roleg samtale rundt det knitrande bålet om utfordringane ein står framfor. Kaffe vart servert, og sjølvsagt brød frå Hæmstelt, bakeriet i Røen!

Samtidig er det klart for vardebrenning mot vindkraft rundt 100 andre stader i Norge. Initiativet kjem frå den nasjonale organisasjonen Motvind. Den samlar vindkraft-motstanden i heile Norge, og inviterer til stor markering denne kvelden.

Dei nyttar ein gammal norsk skikk, vardebrenning, som ei symbolsk handling for å varsle alvorleg nasjonal fare.

I Surnadal vart det eit vellukka arrangement på Brattset i Bøverdalen i kveld med rundt 50 oppmøtte. Der var det appellar av arrangementskomiteen Iren Sæterbø og Silje Beate Holten, og av Turid Sættem Eggen fra Jeger og Fisk og ordfører Lilly Gunn Nyheim.

Bilete frå Brattset og Syltnebba ser du nederst i saka.


IMGP1937.JPG
Frå Høgåsen var det vidt utsyn over både nedre og øvre delen av Rindal så lenge det var lyst.

2019-10-08 18.59.23.jpg
Vardebålet vart gjort klart til tenning presis kl.19.00, samtidig som mange andre stader i Norge.

2019-10-08 19.02.02.jpg

IMGP1952.JPG
Bålet flamma kraftig opp som symbol på den kraftige motstanden det er mot raseringa av fjellheimen vår!

IMGP1958[1].JPG

IMGP1959-001.JPG
I bakgrunnen ser vi Rindal sentrum.

IMGP1962.JPG
Sjølvsagt måtte det grillast pølser!

IMGP1967.JPG

2019-10-08 20.15.15_690x361.jpg

Høringsfristen for vindkraftutbygging i desse områda og andre område i Norge var 1. oktober. Høringssvara viser massiv motstand. Av 60 kommunale høringssvar var berre 3 positive. Totalt kom det inn over 4000 høringssvar.

Fylkesmannen i Trøndelag har rådd frå denne vindkraftutbygginga.

Det er kjent og godt dokumentert at vengene til vindmøllene tek livet av mykje fugl og flaggermus. Det vart nettopp meldt at det på Smøla er registrert 100 drepte havørnar sidan vindmøllene vart reist der. Is, som dei roterande vengene slenger frå seg, vil utgjere stor fare for folk og dyr som ferdast i nærleiken.

Utbyggingane vil komme i områder der Fjordruta til Kristiansund og Nordmøre Turistforening går.

Det er vidare eit tankekors at 15 av 18 planlagte norske vindkraftanlegg har utanlandske eigarar.

Aksjonsgruppa er oppteken av at ein må vise motstand no, før konsesjon er gitt, og vardebrenning er eit sterkt kampsignal!

Aksjonsgruppa ønsker å bevare friluftsområda våre for desse store vindmøllene og den vegutbygginga det fører med seg. Produksjonen av anlegga er heller ikkje særleg miljøvennleg. Med ei brukstid på desse møllene ned mot 20 år og lite gjenvinnbar som dei er, så er ikkje dette bærekraftig.

Det er peika på at ei opprusting av vasskraftverka som alt er utbygd, kan gje stor kraftgevinst. Produksjonen kan aukast med 15 – 20 %, 20 – 30 Twh med oppgradering.

Skattereglane gjer at dette ikkje er positivt for kraftutbyggarane. Medan skatt på overskott er 22 % for ny vindkraft, blir skatt på overskott hos oppgraderte vasskraftverk 60 %.

Godt oppmøte i samband med vardebrenninga ved Brattset (Alle foto: Silje Beate Gulbrandsen Holten):

Brattset1 ps.jpg
image1 (3).jpeg

image2 (1).jpeg

image3.jpeg
F.v. Lilly Gunn Nyheim, Turid Sættem, Silje Beate Gulbrandsen Holten og Iren Sæterbø, som alle heldt appell.

image4.jpeg

image6.jpeg

Bilete frå vardebrenninga på Syltnebba (Alle foto: Berit Caspersen):

Syltnebba1.jpg

Syltnebba2.jpg

Syltnebba3.jpg