Vinnar-laget (stort)

Rindal IL fotball:

Vann eiga turnering

Rindals A-lag i fotball var ikkje snauare at dei like godt vann eiga turnering! Men dei fekk hard kamp av gjestane frå Oppdal.

Rennebu, Oppdal, Meldal, Svorkmo og to lag frå arrangørklubben Rindal, var laga som kjempa om seieren i Rindal Sparebank Vinter-cup denne laurdagen. Det vart spela serie, slik at det var dei som sto øverst på tabellen etter at alle kampane var spelt som vart vinnaren. Alle laga spelte fem kampar kvar, og når siste kampen var spelt, låg Rindals førstelag på topp etter fire seirar. Dei måtte sjå seg slått i oppgjeret mot  Oppdal (1-2) som òg klarte fire seirar, men sidan Oppdal gjekk på eit tap mot Meldal, samt at dei hadde dårlegare målforskjell enn heimelaget, kunne altså dei raudkvite jubla for seier!

Med på Rindals vinnarlag: Sander L. Kattem, Daniel Hagen Eide, Jørgen Gjerstad,Jøran Heggem, Jostein Landsem, Martin B. Fjerstad, Jarl Oscar Mykkelgård, Stian Bolme, Edvard B.Fjerstad og Torstein Heggem.

Nokre glimt frå turneringa:

Alfie.JPG
Alf Ole Elshaug (Rindal 2) lurar motspelaren med eit lekkert hælspark!

Stian G, straffe.JPG
Keeper Stian Grytbakk (Rindal 2) må kapitulera for Oppdal`s straffeskyttar.

 

Trollheimsporten gratulerar!