Bøfjorden Historielag melder:

Vandring på Bølandet

Søndag 14. august inviterer Bøfjorden Historielag til vandring langs ytre del av Bølandet – i to økter: Lysbildekåseri på museet og spasertur frå Ilabukta.

Vandring 2016 08 14 Plakaten[1]_690x971.jpg

Daglegliv og historikk på ytre Bølandet opp gjennom åra er dagens lysbildetema på museet. Ramsalt sjøfart og fiske, skipsbygging, sagbruk, handel og gardsdrift kjem på lerret. Personprofilar og naturdrama dukkar opp - i humor og alvor.

Frakteflåten på Bø prega heile Nordmøre i mange år og hadde 8-9 kystgåande skuter på 1980-talet. Større farty og ei mengd klinkabåtar vart bygde her – «bøfjordbåt» er framleis eit kvalitetsbegrep.

Sagbruket Peder J. Bøe og Sønn laga eksportkassar for klippfisk. Bøfjord Samvirkelag vart starta i Bøgeilen like etter krigen og ligg i dag i Ilabukta.

Stakknes-garden har ei lang og fargerik historie. Historier frå mark og skog byr på drama og heltedåd. Ulykka på Sjursfløgda i 1813 har fått sin bauta. Kjempekaren Erk dyrka nyland dag og natt og jaga bjønnen med berre nevane. Sønnen Kristen var vidreist sjømann og ein slagferdig forteljar som det lever mange historier etter.

Husmenn sette ymse spor etter seg. Ein vart «dømt til at miste sin Hud i Fængsel» for tjuveri. Ho Johanna i Ora dreiv handel i heimen og gjekk som omvandrande bokhandlar med litteraturskreppa si heilt ut i Halsabygda.

Og han Ola Skulmeistar på Berget var på 1700-talet den første pedagogen på desse trakter.

Etter kåseriet ordnar laget bilskyss til Bølandet og guida spasertur frå Samvirkelaget, via tidlegare kassafabrikk og båtbyggeri til Stakkneset og Geilen. Mykje å sjå og høre frå eit særprega bygdemiljø med rik historie.

 

Vandring a ILABUKTA ca 1960_690x451.jpg

Ilabukta rundt 1960 – med frakteskuter, handel, fiskarnaust og kassafabrikk. (Fotoeigar: Bøfjorden Historielag)

Vandring b_690x462.jpg

Nokre av frakteskutene først på 1980-talet. (Foto: Helge Inge Bekken)

Vandring c Setra_690x479.jpg

Påskeidyll på Staknessetra. (Eigar: Tor M. Staknes)

Vandring d Senjagutten_690x442.jpg

Kutteren «Senjagutten» nybygd på Ilaneset i 1946. (Bøfjorden Historielag)

Vandring e BUA i Geilen Sjøflot Åsta RED_690x744.jpg

Samnvirkelaget starta her i Bøgeilen. Styrar Ole Sjøflot og ekspeditør Åsta Staknes. (Bøfjorden Historielag)

Vandring f Kristen Staknes.jpg

Kristen Staknes (1861-1911) – slagferdig sjømann. Her som soldat. (Bøfjorden Historielag)

Vandring g Sjursfløgda Avduking_690x838.jpg

Bernt Vatten og Ola Bø avdukar bautaen på Sjursfløgda i juni 2004. (Bøfjorden Historielag)

 

(Bernt G. Bøe/Historielaget)