Mandag
Mandag Delvis skyet
18°
Delvis skyet
Svak vind
Tirsdag
Tirsdag Delvis skyet
15°
Delvis skyet
Svak vind
tp_leserinnlegg

Valflesk eller realisme?

I løpet av august vil forhåpentlegvis, alle husstandane (om dei vil eller ikkje) få Surnadal SV sitt program for kommunevalet i postkassa.

Miljø.

Klimakrisa er her, og ho må møtast no. Når det gjeld klimautslepp dei siste åra, er det ikkje noko synleg nedgang i kommunen vår i følgje SSB.  Vi har leita etter synlege teikn i planar- og styringsdokument for Surnadal kommune, og der er mange fine miljøtiltak  lista opp, men vi kan ikkje sjå at det er hastverk med å få dei gjennomført. Vi saknar også klimarekneskap. 

Vi lurar også på om det blir gjort systematisk arbeid for å kartleggje resultat og effektar av løyvingar gjennom det kommunale næringsfondet.  Det var for ei tid sidan lista opp i Driva kva som er bevilga og kva som fremdeles er til disposisjon i år, og vi oppfatta at mykje av fondet er bunde opp også dei næraste åra.  Surnadal SV ønskjer å prioritere prosjekt som fremjar miljøvennlege løysingar ved bruk av næringsfondet.

Ny Øye skule.

Surnadal SV har ikkje hatt høve til å vera med på planlegging og vedtak når det gjeld nybygg for den no vedtekne Surnadal barne- og ungdomsskule.

Men vår meining er at småskoleelevane og ungdomsskoleelevane skal halde til i separate bygg, slik som no. Felles kroppsøvingslokale og matsal er kanskje muleg å få til uansett, det er kort veg mellom bygga.

Helse og omsorg.

Surnadal SV ønskjer psykolog med tilhald i Surnadal. Vi håpar at stillinga snarast blir lyst ut. Det er dessverre stort behov for slikt tilbod til folk i alle aldrar.

Talet på eldre aukar, og vi trur at behovet for dei som treng sjukeheimsplass, er tilstades allereie. Surnadal SV vil arbeide for at dei stengde romma på sjukeheimen blir opna att.

Kommunale arbeidsplassar.

Surnadal SV er imot privatisering av kommunale arbeidsplassar, og vi vil jobbe for at uønska deltid blir heiltidsstillingar.

Har vi økonomi til å gjennomføre ønska?

Vi har fått med oss at Surnadal kommune hadde eit nokså stort driftsunderskott i 2018. Dette i tillegg til at regjeringa satsar på skattelette til dei rikaste, gjer at Surnadal SV går for å behalde eigedomsskatten.

Vi viser elles til sv.no og SV frå A – Å.

Der vil de m.a. finne skolemat, tannhelse og bustadpolitikk for unge og andre saker som AP òg har fremja i valkampen.  Det kan vel love godt for samarbeid om gjennomføring?

 

Inger Johanne Iversen, 3. kandidat på Surnadal SV si liste til kommunevalet

 

 

Tips en venn Skriv ut