Picasa

Val og kalkulert risiko

Gudsteneste med konfirmasjon, Kapellet 23.05.15.

Til innleiing bl.a. ord av Erik Bye: Dagen i dag kan bli din beste dag.

Preiketekst om Peters vedkjenning. Joh. 6,66-69.

Etter dette drog mange av læresveinane hans seg unna og gjekk ikkje omkring med han lenger. Då spurde Jesus dei tolv: «Vil de òg gå bort?» Simon Peter svara: «Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord, og vi trur og veit at du er Guds Heilage.»

Preika:
Det er så mange valg å ta når ein er ung, - slik ut over dette å prioritere kva de skal bruke pengane dykkar til.

De må velja kva de vil gjera på fritida. Om det skal bli fotball eller banjo, Tae-kvon-do eller You-tube-kanalar. Og så er det ein god del val de allereide har gjort på skulen: Skal de ha tysk eller spansk – og kvar var det no de skulle gjera i Tid-til-å-leve-timane??

Og fleire val blir det, - det blir spørsmål om studieretning og –spesialisering, om kva de ynskjer og kva de kan.

Så langt har de teke eit vesentleg val for livet dykkar: De har meldt dykk til kyrkjeleg konfirmasjon. Då de vart døypt, var det foreldra dykkar som bestemte det. Det var foreldre og faddrar som skulle ta ansvaret for å gje dykk opplæring i kva det vil seia å vera kristen og døypt – for det er vel to sider av same sak?!

No er det dykkar eige valg å stille dykk innanfor og under den velsignelsen det er å vera eit Guds barn, ei Jesu syster og ein Jesu bror.

Då Jesus hadde det som hardast, då det byrja å koste ikkje så lite mot å fylgja han og ganske mange hadde lagt på sprang – då spør Jesus disiplane, sine næraste om ikkje dei òg vil reise sin veg. Det er som om han set dei på eit valg: Vil de òg gå, så er det greit nok. Vil de òg gå, så gjer det no.

Og så tek Peter ordet og seier det så tydeleg han kan: Herre, kven skulle me gå til? Du har det evige livs ord og me både trur og veit at du er Messias.

Kvifor Peter kan ta såpass hardt i når Jesus stiller han på valg: Han Peter har sett kven Jesus er. Han har sett og han har skjønt at Jesus er god, at Jesus er det tak i på ein slik måte at det er best å halde tak i han.

De veit korleis ein fiskekrok ser ut: Det er ein krok med ring til snøret oppe og spiss avslutning på u-svingen nederst. Og så er det det lure: Ei mothake. Ei kvass mothake som gjer at fisken som måtte bite på blir halden fast i mothaka. Det er ganske så umogeleg å stikke av når mothaka gjer sitt.

Det finst mange folk som meiner at kristen tru og kristent liv gjer oss til ufrie menneske som var me under ei anna makt. Det kan endå til verke som om Jesus er ute kun etter å sjefe med oss. Og sit me fyrst på den kroken, er det vanskeleg å koma seg derifrå.

Og så er det vel eigentleg motsatt: Det er Jesus som har fått begrensa friheit på grunn av oss! Han går under ei anna makt, ei dødsmakt og vond makt som var det døden i mange etasjar.

Å stå fram som kristen går ikkje ut på anna enn å takke ja til livet Jesus gjev oss. Takke ja til at han tek seg av oss både i liv og død.

Eg vil håpe de har lært og opplevd såpass gjennom konfirmasjonsåret at de kan tåle å stå i ein valgsituasjon og svare som Peter: Herre, kvar skal me gjera av oss utan deg? Det er jo berre du som har det evige livets ord. Og me både trur og veit at du er Messias.

Ole Paus, jfr. Salmeboka side 1137:
Hvem kommer til meg når andre går bort,
hvem blir igjen?
Hvem våger se bak alt jeg har gjort,
og likevel kalle seg venn?
Hvem orker se meg som den jeg er,
og elske meg som en sønn?
Det begynner å bli et liv dette her,
det begynner å ligne en bønn.


 Hvem vil ta meg inn til seg, når det blir kaldt,
hvem vil si: du er av meg – jeg elsker din sjel gjennom alt.
Hvem orker å se meg som den jeg er,
og elske meg som en sønn?
Det begynner å ligne et liv dette her, det begynner å bli en bønn.