Vaktskifte i aktivt lag

Åsskard Bygdekvinnelag har hatt årsmøte. Etter ønske frå styreveteranane Inger Lise Heggem og Karen Bøklep har laget rokert på taburettane. Ny leiar vart Gunda Bele.

Vaktskifte Åssk BKV a_690x518.jpg
Avtroppande og påtroppande i styret: Bak frå venstre Inger Lise Heggem, Gunhild Bøklep Bøe, May Britt Hakstad og Gunda Jorid Bele. Framme: Karen Bøklep og Elise Settemsdal.

Vaktskifte Åssk BKV b_690x509.jpg
Nyleiaren Gunda Bele (t.v.) tek imot formannsklubbe og gode råd frå Inger Lise Heggem.

Vaktskifte Åssk BKV c_690x403.jpg
Inger Lise fekk gåve som takk for 16 års innsats som lagsførar.

Inger Lise Heggem, som har stått ved roret dei siste 16 åra, held fram som nestleiar. Karen Bøklepp har vore kasserar i 15 år og blir no etterfølgd av dottera Gunhild Bøklep Bøe. May Britt Hakstad skiftar verv frå nestleiar til sekretær. Elise Settemsdal er styremedlem.

- Gruppa vart stifta under namnet «Åsskard Bondekvinnelag» på Settem ein kveld i 1951, fortel Inger Lise. - Første leiaren var forresten svigermor Kristine «Molle» Heggem, føyer ho til.

Vaktskifte Åssk BKV d_690x478.jpg
Påskjøning også til Karen for 15 år som kasserar.

Primærnæring og tradisjonar

Laget slutta seg straks til Norges Bondekvinnelag. Den meir tidsmessige nemninga «bygdekvinnelag» vart vedteken på landsplan i 2002 og vart også gjeldande lokalt. I dag har organisasjonen 14 000 medlemmer fordelt på 450 lokallag og 18 fylkeslag og aktiviserer kvinner med sans for primærnæring, mattradisjonar og kulturarbeid landet rundt.

Åsskard Bygdekvinnelag spelar ei aktiv rolle i samfunnslivet i heimbygda.
– Vi har fast medlemsmøte klokka 19 kvar siste tysdag i månaden, seier Inger Lise. - Møta har i alle år gått på rundgang i heimane.

Med regelmessig open Ettermiddagskafé i grendahuset, med aktiv deltaking på kyrkjedagar og bygdehelger og som sponsor til ymse tiltak blir Åsskard Bygdekvinnelag sett pris på av langt fleire enn dei som er medlemmer.

Laget har i alle år vore ein gåvmild aktør i lokalsamfunnet. Som eksempel har Åsskard kyrkje mellom anna fått golvteppe, gardiner, flomlys, senkeapparat, dåpsmugge, offerskål, lysestakar, lysglobe, lampettar og salmebøker.

- Og måndag den 19. november har vi lefsebakarkveld, seier den nye nestleiaren. – Så her kan alle koma med deig og takke og baka til jul. Eller berre stikke innom og smaka, kvelden er open for alle!

Bernt G. Bøe

(Alle foto: Randi Vetleseter Bøe.)