- Søndag 05.02 Gudstjeneste Øvre Rindal
- Søndag 05.02 Høgmesse Ranes kyrkje
- Søndag 05.02 Familiegudsteneste Stangvik kyrkje
- Søndag 05.02 Håndballkamper i Rindalshuset
- Søndag 05.02 Rindal kino: Mission Impossible: Ghost Protocol
- Mandag 06.02 Barneforening i Rindal
- Tirsdag 07.02 Innendørs skyting på Angråmyra
- Onsdag 08.02 Rindal Pistolklubb trening onsdager
- Onsdag 08.02 Åpen leikeplass
- Onsdag 08.02 Skitrimmen
Vårsøgkunstnar med Yin og Yang og saftige fargar
Trønderen Elling Reitan har mellom anna vore elev hos Odd Nerdrum, debuterte i 1987 og er no blant dei mest etterspurte målarane og grafikarane i landet. Mellom anna var han "Årets Nobelkusntner" i 2000 og "Peer Gynt-kunstner" i 2005.

I år er han kunstnar under Vårsøghelga, og det er Reitan sitt måleri "Ankomst" som mellom anna prydar framsida på årets programhefte og som dannar utgangspunktet for årets festival-T-skjorte.
- Korleis vil du karakterisere din eigen stil?
- Saftige fargar og figurativt, men ikkje heilt naturalistisk. Måleria har definitivt ein surrealistisk tone.
- Du brukar paret Yin og Yang i så å seie alle bilder?
- Ja, dei er mitt varemerke, seier Reitan som brukar den kvite kvinna og den svarte mannen både som perspektivisk grep og som symbolverdi. Han fortel at mellom anna klimaspørsmål dannar bakteppe for mykje av det han har gjort i dei seinare åra. Reitan vil likevel ikkje omtale seg sjølv som ein politisk kunstnar.
- Litt, kanskje, men ikkje som hovudsak. På den andre sida kjem vel samfunnssynet inn enten ein vil eller ikkje. Eg har til dels blitt kritisert fordi måleria mine er dekorative. Sjølv vil eg karakterisere dei som dekorative, men med innhald, seier Reitan, som opprinneleg har utdanning innan litteraturhistorie og filosofi.
Måleriet "Ankomst" vart selt under utstillinga "Son Sun Magic's magiske verden" på Galleri Pingvin i Oslo før påske, og er difor ikkje med på utstillinga i Surnadal. Men Reitan har med ein variasjon over det same motivet, der forskjellen er at ein trekkspel-spelande(!) mann kjem dansande/flygande gjennom lufta.
- Det er Son Sun Magic - ein gjøglar og harlekin i mitt kunstunivers, ein som veit meir om oss enn vi anar. Han kan vere slu og forførande, men fungerer også som eit humoristisk element. På måleriet her har han trekkspel - kanskje litt à la Henning Sommerro, seier Elling Reitan med eit smil.
Vårsøgutstillinga opna i Surnadal Kulturhus torsdag kl 18.00.
Les meir om Elling Reitan og dei andre Vårsøghelg-artistane her.
Komplett program for årets Vårsøghelg finn du her.
Bestill billettar på Surnadal Kulturhus si heimeside.




























