tor rune halset, rune dalager, anders larsen 2

Vårsøghelga er avlyst

Pressemelding frå laget Vårsøg:

Med utgangspunkt i dei nye retningslinjane frå myndighetane og Folkehelseinstituttet ifm koronasituasjonen med avlysningar til 15. juni, må vi dessverre avlyse årets Vårsøghelg. Vi har i år jobba fram eit festivalprogram som vi er veldig stolte av, og vi håpar at fleire av årets programpostar også vil stå på programmet under Vårsøghelga 2021. 

Vi har heldigvis to flotte arrangement i regi av Vårsøghelga å sjå fram til i haust. Den utsette konserten med Åge og TrondheimSolistene planlegges 7. eller 8. november, og vi jobbar no med dei siste detaljane kring ein julekonsert laurdag den 5. desember i Stangvik kyrkje. Artistane på julekonserten vil verta presentert så fort detaljane er på plass. Det er berre å gle seg til magisk julestemning i Stangvik kyrkje.

Vi i laget Vårsøg håper som alle andre, at situasjonen no normaliserer seg så fort det let seg gjera, og at vi ikkje gløymer å nyta våren og vårsøgen, sjølv om det vert litt annleis i år.

Vi jobbar også med å arrangere ein Kleivakveld utpå seinsommaren viss situasjonen tilseier at vi kan gjera det.

Uansett så er det berre å sette av helga 28.-30. mai 2021. Da skal vi arrangere tidenes Vårsøgfest i Surnadal, med eit fantastisk program, i fantastiske kulisser. Velkommen!!


Bildet: Tor Rune Halset, Rune Dalager og Anders Larsen (Foto: Laget Vårsøg).