- Søndag 05.02 Gudstjeneste Øvre Rindal
- Søndag 05.02 Høgmesse Ranes kyrkje
- Søndag 05.02 Familiegudsteneste Stangvik kyrkje
- Søndag 05.02 Håndballkamper i Rindalshuset
- Søndag 05.02 Rindal kino: Mission Impossible: Ghost Protocol
- Mandag 06.02 Barneforening i Rindal
- Tirsdag 07.02 Innendørs skyting på Angråmyra
- Onsdag 08.02 Rindal Pistolklubb trening onsdager
- Onsdag 08.02 Åpen leikeplass
- Onsdag 08.02 Skitrimmen
Vårsøghelg-avslutning med Hans Hyldbakk sin gamle gitar
- Gitaren er ikkje heilt stemt, men kan heller ikkje stemmast. Strengane er sikkert ikkje skifta på 100 år, seier Henning Sommerro med eit smil.

Etter å ha spela "E slåttatæja" for dei rundt 200 publikummarane i Storstuå, spurte han spøkefullt om det var ein doktor i salen. Dei gamle strengane på den endå eldre gitaren som Kleivakongen Hans Hyldbakk selde for svært mange år sidan, var nemleg såpass harde å spele på at Sommerro fekk kraftig vondt i fingrane.
- Men det gjekk fort over. Fingrane har det bra, seier han til Trollheimsporten etter konsertarrangementet "Karra og kvinnfolk. Mmm...!". Med på kulturkvelden som avrunda årets Vårsøghelg, hadde han programleiar Svein Sæter, Sverre og Randi Hatle, Maija Skille, Trygve Brøske, John Pål Inderberg akkompagnert av strykarar frå Trondheim samt "Førkjånn" frå Valsøyfjord, som framførte tekster av Margrete Seter, Vårsøglaget sin daglege leiar som brått gjekk bort sist haust.
Henning Sommerro seier han er godt fornøgd med årets Vårsøghelg.
- Nokre småting var det arrangementsmessig, men alt i alt var dette ei god Vårsøghelg. No får Vårsøglaget evaluere årets festival, så får vi gå i gang med planlegginga av neste år.
Klikk på bilda for større versjonar.
































