Pudderføre
Pudderføre
Jon Bruset Gå til galleriet
Torsdag
Torsdag Skyet
-1°
Skyet
Flau vind
Fredag
Fredag Delvis skyet
Delvis skyet
Flau vind

Vårsøg Hotell med MGP jr.-fest

Viser finaleshowet på stort lerret

Laurdag 4. september er Surnadal sterkt representert i den TV-overførte finalen i Melodi Grand Prix jr. Torstein Snekvik står på scena i Oslo Spektrum som ein av finalistane, medan Batteri er backingband for Didrik Solli Tangen under pauseinnslaget. Vårsøg Hotell inviterer alle surnadalingar og andre musikkglade til MGP jr.-fest i lokalet "Søya", der heile finalesendinga laurdag kveld blir vist på stort lerret.

NRK1 viser MGP jr.-finalen direkte laurdag kveld frå klokka 1955 til 2145, og marknadssjef Mette Sæter Ormset oppfordrar alle som har lyst til å sjå TV-showet om å kome på Vårsøg Hotell.

- Det er klart det er stas at Surnadal igjen er representert i MGP jr.-finalen, både med Torstein  (bilde nr. 1) som finalist og Batteri som pauseinnslag. Og vi håpar at surnadalingane har lyst til å gjere dette til ein folkefest. Å samlast framfor lerretet og sjå finalen saman, er også ein sosial måte å skape ekstra stemning på. Difor får vi altså på plass eit stort lerret i "Søya", og ønskjer alle velkommen til hotellet for å heie på Torstein, seier Mette Sæter Ormset.

I helga blir det også Høstfest på Vårsøg Hotell, der Trønderbataljon skal sørge for høg partyfaktor i Den Glade Laks fredag kveld, medan Stage Dolls (bilde nr. 2) rockar "Gla'laksen" laurdag kveld etter MGP jr-arrangementet.

Les meir om årets Høstfest her.

- Det blir eit litt endra Høstfest-opplegg denne gongen samanlikna med tidlegare år. På grunn av hotellombygginga, blir det no telt på den øvste parkeringsplassen, og folk må først gå inn i Den Glade Laks før dei kan gå ut i teltet, fortel Mette Sæter Ormset. Ho legg til:

- Det blir sett opp bussar både frå Rindal og Halsa, med pris 150 kroner tur-retur og påmelding. Her er det viktig å understreke at påmeldinga gjeld begge vegar, slik at vi veit på førehand kor mange passasjerar som blir med.

  • Digg this
  • Delicous
  • Myspace
  • Stubmleupon
  • Friendfeed
  • Tips en venn
  • Skriv ut
E-henvendelser: redaktor@trollheimsporten.no