Trollheimen Rundt

Vårens vakraste eventyr

For mange er dette vårens vakraste eventyr, i alle fall for denne gutegjengen frå Aune Utistu. Oddvar er passasjer på Trollheimen Rundt for 10.gong. Første gong var han 3 år.

IMGP7694-001.jpg

Gutane frå Aune Utigard, Terje Børset med sønene (frå venstre) Trond, Håkon og Oddvar får hjelp frå Kjellfrid og Petter Holte slik at alle får vere med Trollheimen Rundt på 1.mai.

Vi legg til at Oddvar Børset slett ikkje er nokon novise når det gjeld motorsykkelturar. Han har vore med faren heilt til Garmisch Partenkirchen i Sør-Tyskland. Da kjørte dei frå Trälleborg i Sør-Sverige og til Rindal på ein dag – 1200 km. Den dagen reknar vi med at både han som sat framme og han som sat bak var passe slitne.

IMGP7691-001.jpg

Det er ein lang tradisjon for at motorsykkelfolket i området samlar seg og kjører Trollheimen Rundt 1.mai. Det vil merkast både etter vegane, på kafear rundt Trollheimen og på ferga Kvanne – Rykkjem.

IMGP7708.jpg

I år var veret på det aller finaste, og rundt 30 ekvipasjar stilte til start ved Auto R65 i Rindal om formiddagen.

Vi les på Facebooksida til Rindal MC-Klubb at første stopp er Esso Berkåk. Vidare Grøseth Kafe på Oppdal for matinntak, Circle K Sunndalsøra for is, og eventuelt ein liten omveg om Tynwald MC sin MC-kafé på Tingvoll.

Oppdatering kan komme både på Trollheimsporten og Facebook.

IMGP7704.jpg
Sindre Romundstad med sin Honda Goldwing kjører i lag med sonen Benjamin med L på ryggen.

IMGP7705.JPG

IMGP7701.jpg
Pål Aukan frå Aukra var truleg den som hadde lengst tilkjøring. Det var ikkje første turen hans rundt Trollheimen.

IMGP7700.jpg

Eli Landsem Solvik og Kjellfrid Bruseth Holte har også mange turar bak seg rundt Trollheimen, men også rundt om i Europa.

Klikk på bildet nedafor og se og høre starten på turen Trollheimen Rundt!

IMGP7709.jpg