tp_leserinnlegg

Leserinnlegg:

Uvesentleg

Vår viktigaste informasjonskjelde, ikkje minst i krisetider, er vel NRK. Og vi har fulgt med i denne tida, den eine pressekonferansen etter den andre, med statsminister og statsrådar. Den siste 7. mai med gledeleg nytt om opning av skular og større fridom for arrangement og samlingar med fleire menneske.

Mange har vel lengta etter dette. Vi som har sakna møter og gudstenester, gler oss stort over det. Kyrkjelege arrangement var så vidt nemnt av familieministeren, og at 85 % av Norges befolkning høyrer til eit trussamfunn.

Det skulle ein ikkje tru, når ein har høyrt alle reportasjene i NRK om problem ved tap av alle slags arrangement i samfunnet, sjølvsagt arbeidsliv og nasjonal økonomi, men også svært mykje om forskjellige kulturarrangement, sport, spesielt fotball, restaurantliv (Oslofolk måtte til Bærum for å få seg ein øl), båt- og hytteliv, festivalar og spel, russefeiring etc.

Og typisk nok, etter pressekonferansen torsdag sende NRK intervju med forskjellige kategoriar som no var glade og letta, skule, fotball/sport og forlystelsesparkar. Og etterkvart har det vore mykje fokus på korleis ein kunne koma i gang med konsertar, kino og museum, hotelldrift osv. Men ikkje eit einaste intervju med representantar for kyrkje og kristelege organisasjonar, som også har lidd eit stort tap.

Det kunne vel og vore naturleg med fokus på innsetjinga av ny preses i kyrkja. Det skal overførast i fjernsyn med dei restriksjonar som følgjer koronaepidemien. Det skulle forresten berre mangla!

Men laurdag kveld, dagen før Olav Fykse Tveit skal vigslas til preses sat vi og venta på ei skikkeleg orientering om denne viktige storhendinga i Den norske kyrkja. Det hadde vel vore naturleg med eit grundig portrettintervju med ein så interessant og viktig person. Det er ingen kven som helst som no skal gå inn i den øverste stillinga i kyrkja. Forutan at han har hatt viktige stillingar her i Norge, t.d.leiar for Mellomkirkelig råd, så har han i ti år vore generalsekretær for Kirkenes Verdensråd med ein halv milliard medlemar.

I staden brukte NRK ein lang sekvens på ein brytar som var skuffa over å mista OL, noko vi faktisk har sett fleire gonger, med husarbeid og matlaging etc.

Kva er viktig ? Ein skulle tru det var viktig og interessant for alle medlemane av Den norske kyrkja, ja, alle samfunnsborgarar, å vita kven som er øverste leiar av kyrkjerådet i ei tid med stor krise i landet.

Men det er visst uvesentleg.

Av Einy Rendal Elgsæther