norges forsvarsforening logo

INF melder:

Uttalelse frå årsmøte i Indre Nordmøre forsvarsforening

INF haldt årsmøte i Hammerstuene i Surnadal, og årmøtet fekk godt oppmøte. Pensjonert orlogskaptein Ivar Olaf Halse var tilstades og ga ei svert god orientering om Vardøhus festning og historia omkring denne.

Styret i INF vart attvald og består i 2017 av leiar Olav Jostein Holten, nestleiar Lars Indreiten, sekretær Johannes J. Vaag, kasserar Halvor Flatekval og styremedlem Arvid Gjengstø. Det vart framlagd ei detaljert og god årsmelding som viste stor aktivitet i INF i 2016. Økonomien i foreninga er også tilfredstillande.

Årsmøtet i Indre Nordmøre forsvarsforening (INF) er sers uroa over situasjonen i Forsvaret generelt og Heimevernet spesielt.

Etter at Stortinget har vedteke langtidsplanen for Forsvaret, må midlar tilførast slik at Hæren og Heimevernet vert styrka betydeleg, slik at heile landet får eit truverdig forsvar. I den komande landmaktstudien må Hæren tilførast fleire avdelingar, der vernepliktige mannskaper blir grunnstammen. Vidare må Heimevernet bestå med ein mannskapsstyrke og struktur minst som i dag (45.000). INF har merka seg at det er startet ein nedbygging av HV i Sør-Norge før landmaktstudien er fullført, og dette er med å skape uro i heile HV. INF vil på det sterkaste frarå å slå saman Hæren og HV slik det vert åpna for på høgste politisk hald. Dette er to heilt ulike organisasjonar, med ulike oppdrag. Ut frå det nye stridsbegrepet «hybridkrig», vil Heimevernet utfylle ein svert viktig rolle i heile landet. Heimevernets spesielle rådsstruktur må heller ikke rokkast, då denne er eit svert viktig bindeledd mellom det sivile samfunn og Forsvaret og er med å halda forsvarsviljen oppe i folket i heile landet.

 

Innsendt av Lars Indreiten, nestleiar.