Nytt styre 2019

Uttale frå Surnadal Arbeidarparti - årsmøte 2019

Situasjonen ved Møre og Romsdal helseforetak og Aure rehabilitering 

Å drive politikk er å forvalte fellesskapet sine midlar til det beste for innbyggarane. Vi må sjå på fordeling, prioritering og organisering. Det er no tydeleg at ei så stor oppgåve som å forvalta heile 11,5 % av statsbudsjettet og i ei så viktig sak som sjukehus og vår helse, ikkje blir løyst godt nok gjennom foretaksmodellen.  

For kva anna kan ein skulde på når Møre og Romsdal helsefortak no meiner det beste er å leggja ned Aure rehabilitering? Dette styret har eit ansvar for å ha eit budsjett i balanse, men ikkje eit samfunnsansvar for lokale arbeidsplassar og bulyst også i små kommunar. Dei treng ikkje tenke på reiseveg til alle dei pårørande og venner som vil støtte opp under ofte lange behandlingsperiodar med besøk og oppmuntring. Dei treng ikkje tenkje på at dette forsterkar ein allereie skjeiv fordeling av spesialisthelseteneste i fylket vårt.

Sjølv innafor fagfeltet sitt verkar det som dei ikkje treng å tenkje langsiktig. For korleis kan dei tenkje at å redusera 52 sengeplassar med spesialisert rehabilitering til 20 er god økonomi for helsesektoren? Ein sparar samfunnet over 200.000 med å få ein person tilbake i halv stilling. Redusert bruk av helsetenester både i kommunen og på sjukehus er ein del av dette talet. Og i eit slikt regnskap tel vi ikkje med alle dei dagane og timane den einskilde personen lever med økt funksjon og livskvalitet. Og dette er det viktigaste regnskapet for det som kan være naboen vår, kollegaen, postmannen, nokon i familien vår eller oss sjølve.  

Frustrasjonen blir ikkje mindre av at styret uttaler at dei ikkje er sikre på at det er noko å spare på å legge ned Aure rehabiliteringssenter for foretaket.

Aure rehabilitering er eit tilbod som vi i Surnadal nyttar og nyt godt av. Vi ønskjer at Nordmøringar også skal ha eit likeverdig helsetilbod.

Surnadal Arbeidarparti meiner difor at Aure Rehabilitering ikkje må leggjast ned.


Bildet: Ein del av det nyvalgte styret (fra venstre): Ella Bolme (sekretær), Eva Jorid Svensen (kasserer), Johan Krangnes (styremedlem), Lilly Gunn Nyheim (leder) og Annett Ranes (kvinnepolitisk styremedlem). Styret består også av Reidar Brøske (nestleder) og Mons Otnes (studieansvarlig).