Lørdag
Lørdag Delvis skyet
15°
Delvis skyet
Flau vind
Søndag
Søndag Skyet
20°
Skyet
Lett bris
IMG_20200219_142136-001

Utkikkstårn på Garbergsfjellet

Under gaveutdelinga til Rindal Sparebank nyleg, fekk Rørvatnet Vel 25 000 kroner i samband med at dei ønsker å bygge opp att tårnet og glaskuppelen på luftvakthytta på Garbergsfjellet. Hytta er open for alle, og den er eit populært turmål både sommar og vinter.

Garbergsfjellet 190220.jpg

Om vinteren er det skiløype dit både frå Storås og Rindalsskogen, og om sommaren kan du følge merka tursti opp frå skytebanen på Rindalsskogen.

Du kan lese om gaveutdelinga til Rindal Sparebank her!

Bakgrunnen for hytta på Garbergsfjellet er at det etter 2. verdenskrig vart bygd opp omlag 400 luftvakthytter rundt om i Norge, og denne hytta er ei av disse. Etter at radarsystema vart utbygde, så vart vakthyttene overflødige. Da havna mange av hyttene i privat eige, eller dei forfall og vart nedrivne.

Hytta på Garbergsfjellet vart overtatt av private og fungerte som hytte i mange år, men tårnet med glaskuppel fall ned eller vart reve. Rørvatnet Vel fekk tilbud om å overta hytta for nokre år sidan, sidan eigarane ikkje brukte den lenger. Hytta vart restaurert og har sidan fungert som open hytte der turgåarar kan fyre opp og ta ein rast.

For eit par år sidan begynte Rørvatnet Vel å snakke opp å bygge opp att tårnet med glasskuppel, og dei har prøvd å få tak i teikningar og fleire opplysningar om korleis det var bygd.

Garbergsfjellet hytta.jpg

- Vi har et bilde av hytta da den var nybygd, og vi veit no at det står eit utstilt på flymuseet i Bodø, fortel Aril Haugen i Rørvatnet Vel. - Vi har også spora opp to rammer for glaskuppelen.

Den eine ramma dei har spora opp er lagra på Hølonda med tanke på restaurering av ei hytte der, og den andre ligg på ein fjelltopp på Gjøra i Sunndal.

Kuppelen er den største utfordringa å lage, og dei håper å kunne få tak i ein original kuppel. Viss ikkje må dei ta mål og kopiere den på Hølonda.

Teikningnyhytteimg023_690x364.jpg

Det blir også ei utviding av hytta, i og med at tårnet blir bygd der verandaen er no. Byggesøknad er sendt til Orkland kommune, og tilbud på materialar er innhenta. No håpar dei berre at dei kan få kjørt opp materialane før snøen forsvinn.

Etter mange dugnadstimar kan vi sjå fram til tur til hytta på Garbergsfjellet og kanskje sjå på stjernene gjennom glaskuppelen.

IMG_20200219_142114_690x518.jpg

Det er godt å søke ly i hytta på Garbergsfjellet og fyre opp i omnen der mange vinterdagar, men også somme sommardagar!

IMG_20200219_142151.jpg

IMG_20200219_142209.jpg
Foto: Rørvatnet Vel

Rørvatnet Vel er medlem av Trollheimsporten.