Utdeling av heidersteikn 2015

Under eit arrangement den 20. mai fekk tilsette i Surnadal kommune utdelt klokke og Kalla Skrøvseth-bilde for lang og trufast teneste i kommunen. Det vart ei fin og høgtideleg markering med bla servering av middag og kulturinnslag, skriv kommunen på sin nettstad.

Surnadal kommune inviterer kvart år til utdeling av klokke etter lang kommunal teneste. 25 år eller meir (gullklokke), avslutning av arbeidforhold etter 25 år eller meir (Kalla Skrøvseth-bilde) og fråtreden ved oppnådd pensjonsalder ved minimum 5 års teneste (Kalla Skrøvseth-bilde).

Saman med einingsleiarane var både ordførar og rådmann tilstades for å heidre sine arbeidstakarar.

Vi gratulerer alle saman for den store innsatsen for Surnadal kommune!

Kalla-bilder 2015_690x355.jpg

Dei som fekk bilde var: frå v. Gerd Ingrid Berg, Ingeborg Lundamo, Brit Smenes, Torgunn Nordvik, Haldis Vitsø, Lars P. Hamnes, Gudmund Husby, Olav Helgetun, Lars Polden og Nils Joralf Stavne. (Signe Lill Åsland, Målfrid Teilgård Skjærvø, Rigmor Kvande og Borgny Bersås var ikkje tilstades)

Klokker 2015_690x460.jpg

Dei som fekk klokker var: frå v. Marit Ørsal Fugelsøy, Ingard Fugelsøy, Marit Nordvik Betten, Ingeborg Eide Holten, Tove Naterstad, Torill Helgetun. (Gunnhild Sæter, Reidun Brøske, Eva Heggset og Gudrun Eline Bævre Polden var ikkje tilstades)

 

På kvar sin kant av begge bilda ser vi også ordførar Lilly Gunn Nyheim og rådmann Knut Haugen som er med for å heidre dei tilsette.