Piraya 600_350x206

Arkivdykk i det nordmørske musikklivet

Unge og lovande i 1987, profesjonelle i dag

Trygve Brøske og Jo Inge Nes frå Stangvik er i dag godt etablert som profesjonelle musikarar. Her er eit tilbakeblikk til litt yngre dagar, nærare bestemt 1987, da Brøske og Nes spela i det det unge og lovande bandet Piraya saman med Grim Røen, Johnny Melkild, Arild Røen og Jan Tore Andersen. Bildet er henta frå Plekterfesten.no, ei flott og innhaldsrik nettside om pop-, rock- og dansebandmiljøet på Nordmøre.

Piraya frå Stangvik/Kvanne deltok på mange lokale konsertar og vart også kvalifisert til Ungdommens musikkmønstring i Larvik.

"Piraya frå Stangvik viste at finaleplassen i Ungdommens musikkmønstring i Larvik ikkje hadde vore tilfeldig", var attesten i ei lokalavis.

 

Trygve Brøske er no godt etablert som pianist, komponist og arrangør, med utdanning frå Trøndelag Musikkonservatorium og Conservatoire de Musique de Genève.

 

Jo Inge Nes er distriktsmusikar i Møre og Romsdal, med slagverk som hovudinstrument, og har komponert musikk til mellom anna teater, kunstutstillingar og konsertar.

 

På Plekterfesten.no kan du lese meir om Piraya samt ei mengde andre lokale band frå 50-talet og fram til i dag. Der kan du også sjå mange nye og gamle bilder og høyre historiske lydopptak.