039_1024x683

Unge artistar imponerte

Det var dei unge, lokale artistane som åtte scenen og fekk vist kva dei er gode for under opningsshowet til Norsk Laksefestival fredag ettermiddag. I ein timelang konsert fekk publikum friske smakebitar på kva som rører seg innan det unge musikklivet lokalt, servert av seks band med utspring i Kulturskulen for indre Nordmøre. Bortimot 150 menneske var på det meste samla rundt plassen ved utescenen framfor Kulturhuset.

Zplint med Sven Ranes, Torstein Snekvik, Ola Ingebrikt Dønnem og Olav Nordvik imponerte. Alle foto: Norunn Holten

Banda som stod på utescenen fredag, har alle vist seg fram for det lokale publikummet tidlegare. Banda som deltok var Intelligent Turtles, Tarmgass, Emergency, Zplint, Humør og Svingende Gudmødre. For den som har sett banda fleire gonger, er det artig å høyre og sjå korleis ungdommane utviklar ferdigheitene sine, både musikalsk og når det gjeld sceneframføring. Her er det mange vi kan vente oss mykje av i framtida!

Alle artistane samla på scenen etter endt konsert.

Tarmgass gav som vanleg alt på scenen. Frå venstre Jo Inge Nødset,  Anders Gjerstad Lindvåg og John Heggem.

Trym Skogset,  Preben Svinvik, Oddrun Flostrand Schei, Vetle Kvande og Stian Tonning Flatset  utgjer bandet Emergency.

Humør med Kennet Ødegård Sørvik, Øystein Seter,  Ann Iren Brøttumsmo, Per Helge Aarnes og Sveinung Helset Halle.