Picasa

Ungdommane dominerte på Skarheim

Gudstenesta som menighetene i Meldal og Rindal inviterte til på Skarheim, vart dominert av ungdommane som både song, dramatiserte, leste tekster og leda forbønna. Lene prest leda gudstenesta og hadde preika.

Det vart heilt fullt inne i menighetshytta Skarheim i Vålåskaret da folk frå Meldal og Rindal samla seg til gudsteneste denne søndagen.

Nokre ungdommar hadde vorer samla der sidan fredag til ledaropplæring for å vere leirledarar neste sommar. Dette er en del av trusopplæringa i Rindal, Surnadal og Halsa.


Det var tidlegare leirledarar som lærte opp nye leirledarar.

Lene prest leda gudstenesta, og Jan Sturla Jensvold leda salmesongen på trekkspelet sitt. Han serverte også velvalgte preludium og postludium


Dei unge dramatiserte bibeltekster og deltok med song.

 

På veg oppover til Skarheim vart vi helsa velkomne av alle kvigene som beiter i Vålåskaret.

Setergrenda Vålåskaret er den første setergrenda i Norge som vart freda, i 1967. 

 

Ungdommane (og nokre til) tok vegen opp på Resfjellet etter gudstenesta


Det  må vere ein av dagane med mest besøk på Resfjellet. Vi rekna 15 personar samtidig og møtte folk både på opp og nedtur.

Utsikta var god og vi såg langt, men det flottaste var å sjå variasjonane i skydekket rundt oss og at regnskurene vi såg venta med å stråle på Resfjellet til dei fleste var nede.


Midt på bildet ser vi  Resvatnet  -  Raudfjelltjønna  -  og i det fjerne, Trollhetta 

Tekst: OleT. Foto: Johan H. og Kjellaug F.