Turid Røen Kroknes

Turid Røen Kroknes – Lydvart

- «Lydvart» er den andre soloinnspelinga mi. I 2016 kom cd-en «Vegane» ut. Denne gongen er det førebels digitalt, ikkje cd, fortel Turid Røen Kroknes.

I samband med debutkonserten til Kroknes i 1985 komponerte Henning Sommerro ein songsyklus til ho, med tekster av Bjarne Østbø frå Surnadal. Denne har ho seinare framført på Vårsøghelga, saman med komponisten ved pianoet.

- No tykte eg det var på tide å gjera ei innspeling av desse songane, der musikken understrekar sinnsstemningane som tekstene formidlar, seier ho.

- Og Brage Kristian Einum akkompagnerer på glimrande vis.

Innspelinga er også denne gongen gjort i Øra Studio i Trondheim.

- Eg håpar «Lydvart» vil bli til glede for mange lyttarar. Den ligg på m.a. Spotify, ITunes og YouTube, seier Turid Røen Kroknes


Handels «Messias» i Molde domkirke i desember

Turid Røen Kroknes er frilanssongar frå Valsøyfjord , opprinneleg frå Rindal. Ho er tildelt Halsa kommune sin kulturpris og Bræinprisen for formidling av nordmørske folketonar. Ho har gjort mange roller ved distriktsoperaene rundt om i landet, og har vore på turne med Den Norske Opera. Særleg lang fartstid har ho ved Operaen i Kristiansund. Ho har og sunge altpartia ved mange store kyrkjemusikalske verk, og er stadig aktiv med konsertar. I desember ventar Handels «Messias» i Molde domkirke.

 

Arkivfoto