1-IMGP5790

Kulturvøkku 2018

Tunmessa 2018

Siste søndag i Kulturvøkku i Rindal er det tradisjon for at det er gudsteneste på tunet på Rindal Skimuseum. Oftast er det barnedåp, og det var det i år også.

Det var Olav Røen Børset som vart døypt.

1-IMGP5785.JPG

Mirjam Håland fungerer som prestevikar i Tingvoll, og denne søndagen leda ho gudsteneste og dåp på Rindal Skimuseum.

Teksta handla om Sakkeus som vart sett av Jesus sjølv om han var ein tollar og forakta av andre. Jesus ser fortsatt alle.

1-IMGP5800.JPG
Ragnhild Stavne Bolme var klokkar og hadde eit kort intervju med Mirjam etter gudstenesta.

1-IMGP5805.JPG
Olav Røen Børset med foreldre og fadrar.

1-IMGP5797[1].JPG
Bodil Kvam Aasbø var søndagens organist, og under postludiet spela ho både keyboard og munnspel!

Etter gudstenesta var det salg av rømmegraut i museumskafeen, og i Bjønnåsstøggu selde museumsvennene kaffe og kaffebrød utover dagen.