026_690x518

Tryggleik, førstehjelp og kunnskap

Tysdag 16. juni hadde elevane på 10. trinn på Surnadal ungdomsskule "Beredskapsdag". I løpet av dagen fekk dei mellom anna lære om trafikktryggleik i bil, førstehjelp og sikring. Trollheimsporten har fått tilsendt bilete frå dagen.

I tillegg fekk dei påfyll av kunnskapar om brannvern. Dagen var inndelt med teori på føremiddagen og ei realistisk redningsøving, med elevar som markørar, på ettermiddagen.

Den årlege beredskapsdagen er eit samarbeidsprosjekt mellom skulen, Surnadal Brannvesen, ambulansetenesta og poltiet. Målet er at elevane skal bli trygge trafikantar, og at dei skal kunne yte førstehjelp på staden om dei kjem først til ei trafikkulukke.

006_690x920.jpg

I år var det Tor Arne Moen (t.h.) og Jon O. Nordvik som hadde regien på dagen.

008_690x920.jpg

Elevane Thomas Aune og Heidi K. Hatle stilte som markørar.

017_690x518.jpg

026_690x518.jpg

035_690x518.jpg

 

Bilete/tekst: Surnadal ungdomsskule