TPGC

Trivest eigentleg elevane på skulen?

I forbindelse med Gründercamp på Surnadal Ungdomsskule fikk fire elever i oppdrag å komme med forslag til hvordan nettportaler som Trollheimsporten kan bli mer interessante for ungdom. Her ser du resultatet i form av en artikkel av og for ungdom, forfattet av Marte Næss, Andrea Gjerdevik, Eirik Klinge og Erik Beckstrøm.

Mange elevar føler at skulen ikkje passar til deira interesser og at mengda teoretiske fag er for stor. Er dette eit problem for trivsel og framtidig læring? Vi er fire elevar frå Surnadal Ungdomsskule som i forbindelse med Gründercamp har intervjua fleire elevar og lærarar på skulen vår. Det var fordi vi skulle sjå om dette er eit problem. Vi har spurt sju elevar og to lærarar på Surnadal Ungdomsskule om kva dei meiner.

 

Vi tok kontakt med nokre elevar på Surnadal Ungdomsskule og lurte på korleis dei trivest på skulen. Alle elevane valte å vere anonyme, men dei hadde ganske så like meiningar. Dei fleste elevane meinte at det var for mykje teori i faga. Både lærarane og elevane hadde like synspunkt. Begge var einige om at det var for lite praktisk læring i skulen og for mykje teori. «Det er lettare å lære og følgje med når det er diskusjon i klassen», var det mange av elevane som meinte. Til og med lærarane sa at dei ville prøve å ha fleire praktiske timar. Dei seier også at det kan vere vanskeleg å få til diskusjon i klassen og få fram meiningane til elevane.                                                                                                                                                       

Mange teoretiske læringsmetodar kan føre til dårligare konsentrasjon blant elevane, og det fører til dårligare resultat. «Det er ikkje eg som skal stå på tavla og få dykk til å skrive av heile tida, dykk må gjøre litt sjølve.», seier Eli Vullum Kvande som er lærar på Surnadal Ungdomsskule. Vi spurde Anita Sande kva hun meinte skapte trivsel på skulen. «Først må vi vere trygg på kvarandre, og elevane bør kunne seie  kva dei meiner. Eit godt klassemiljø og at elevane respekterer kvarandre er òg viktig. Om man ikkje trivst har ein ingen sjanse til å lære noko.»

 

Dei fleste på ungdomsskulen meiner at det skulle vore meir praktiske fag. Ein elev meinte at variasjon mellom teoretiske og praktiske fag vil gjere det enklare  i skulekvardagen. «Vi kan kanskje litt meir ut i naturfagtimane», seier han. Om det hadde vore slik, kunne det ha hjulpet på konsentrasjonen og motivasjonen til mange elever. Vi meiner at dette temaet er aktuelt per dags dato, og at ungdommen er oppteke av dette.

 

Vi meiner at teoretiske fag med ein praktisk læringsmetode er det beste for læring og at det er dette som er mest likt av både elever og lærarar. Dessverre har det seg slik at dette er det som blir minst brukt innanfor læring av pensum på skulen. Dette kan bli eit problem fordi ikkje alle personar lærer best av teoretiske læringsmetodar.

 

Ingressfoto: Marte Næss

 

TP-gruppa 2_690x406.jpg

F.v. Marte Næss, Andrea Gjerdevik, Eirik Klinge og Erik Beckstrøm i 9EF.