Toril Redalen foto Jon Olav Ørsal Todalen

Toril Redalen med nytt kunstnarstipend

Toril Redalen fra Todalen vart som einaste kunsthandverkar i Midt-Norge før helga tildelt Statens Kunstnerstipend, arbeidsstipend med maksimal periode på 5 år. På landsbasis vart berre 12 kunsthandverkarar tildelt eit slikt arbeidsstipend. Kun 3 av desse fekk tildeling på 5 år. Dette skriv Todalen.no.

Når Todalen.no snakkar med Toril i etterkant av tildelinga har ho ikkje landa heilt enno. Ho fekk beskjeden mens ho var på reise med gutane sine etter eit besøk hos svigerforeldra i Barcelona. Dei sat og åt frukost på flyplassen da det tikka inn ei melding på telefonen frå Tove Lise, keramikeren ho deler verkstad med nede på Fosenkaia. «Gratttuele nå inni granskuen!!!!!», stod det berre. No er dei ankommet «heimstaden» Trondheim og det gode budskap byrjar å sige inn.

Toril har hatt arbeidsstipend i to omganger før, først 2 år for nyetablerete kunstnarar og sist periode for 3 år frå Kunsthåndverkernes fond. For Statens kunstnarstipend har avgjerande betydning for bredden og kvaliteten i det profesjonelle norske kunstlivet. Og mange kunstnarar får med dette stipendet ei etterlengta anledning til å fordjupe seg i sitt kunstneriske virke.

 

Les heile saka på Todalen.no

 

Bildet: Toril Redalen ved den Kvite Varde under Norsk vandrefestival 2011. Foto: Jon Olav Ørsal/Todalen.no