Raudsildre ved stien til Strengen
Raudsildre ved stien til Strengen
Jon Bruset Gå til galleriet
Torsdag
Torsdag Lettskyet
23°
Lettskyet
Flau vind
Fredag
Fredag Delvis skyet
18°
Delvis skyet
Lett bris

Tordenskjold songlag

Tordenskjold songlag er blitt medlem av Trollheimsporten! Koret er ein solid veteran innanfor kormiljøet på Nordmøre. Det vart stifta i 1908 og har vore i kontinuerleg drift i dei vel 100 åra etter oppstarten. I dag har koret 21 medlemmer, kvinner og menn, og har nye høgdepunkt på programmet det komande året.

Tordenskjold songlag anno 2012!

Tordenskjold songlag frå Surnadal er eit blandakor med lang fartstid i kormiljøet. Hausten 2008 feira dei 100-årsjubileum, og ga i samband med dette ut ei bok om laget si historie. Jubileet vart elles markert med både jubileumskonsert og jubileumstur til Paris.

Songlaget er no på tur inn i eit nytt, aktivt songår. Elsa Kvande fortel at høgdepunktet dette året er tur til Singing Week i Krakow. Reisa, der også ektefeller skal vera med, inkluderer ein tur til Warsawa. På denne turen skal det syngast i både grotter og kyrkjer, fortel Elsa. Vanlegvis er eit songarstemne årets høgdepunkt, men på grunn av turen til Krakow blir det ikkje tid til stemne i år.

For tida held koret på å trene inn eit Beatles-program. 28. april skal det vera storkonsert i Storstuå på Surnadal kulturhus. Her vil også sju ungdommar som går musikklinje i Kristiansund delta i tillegg til dei ordinære medlemmane i koret. Fire skal spela bandinstrument og tre vil vera songsolistar. På denne måten vil koret markere at det no er 50 år sidan The Beatles slo igjennom.

Koret øver jamt gjennom heile året, og sidan årsskiftet 2008-2009 er det Elin Persson som har vore dirigent. Ho var også dirigent for koret i ein 10-årsperiode på 90-talet. Berre ein person har vore dirigent for koret for eit lengre tidsrom. Det var den første dirigenten, som leidde koret i heile 50 år. At folk ønskjer å vera med Tordenskjold så lenge, er eit godt teikn. Det fortel om både seriøsitet og godt sosialt klima i koret. Dersom du er på jakt etter nokon å synge i lag med, er derfor dette kanskje koret for deg?

Styret i Tordenskjold songlag i 2012:
Leder - Elsa Kvande
Nestleder - Oddvar Nordvik
Sekretær - Karstein Svendsli
Kasserer - Grete Ingunn Krogstadnes
Styremedlem - Geirid Holten
1. vara - Lars Husby
2. vara - Liselotte Husby

Kontakt Tordenskjold songlag:  Elsa Kvande Tlf: 90940755
Dirigent: Elin Persson

Du finn nyheiter fra Tordenskjold songlag her.

Lenker:

 Norges korforbund

 Norges korforbund avd. Nordmøre

Over: Samarbeider om Beatlesforestilling den 28. april: Tordenskjold songlag og lokal ungdom henta heim frå Kristiansund for anledninga.

 

  • Digg this
  • Delicous
  • Myspace
  • Stumbleupon
  • Friendfeed
  • Tips en venn
  • Skriv ut
E-henvendelser: redaktor@trollheimsporten.no