Tonar for nødhjelp

Solidaritetskonserten i Åsskard kyrkje søndag var godt besøkt. Rundt 8 000 kroner kom inn til flyktningesaka.

Aktørar var Tordenskjold Songlag, vertskapet Åsskard Kyrkjekor, ein ungdomskvartett frå Eritrea, sopranen Torunn Kroknes, alten Turid Røen Kroknes, fiolinisten Karina Kosjanenko, tekstlesarane Torgrim Tunes og Randi Vetleseter Bøe og organist/pianist Bernt G. Bøe.  Over hundre møtte fram.

Programmet spente frå afrikanske hymner via folketonar, viser og salmar til klassisk fiolin- og vokalmusikk. Deklamasjon av salmar, dikt og omsettingar utdjupa det musikalske.

Særleg inntrykk gjorde dei fire eritrearane Eremias (tromme), Biniam, Rahel og Nasanet. Songen, rytmene og ikkje minst symbolrørslene gjorde innslaget til kveldens andaktsstund.

Torgrim Tunes las «På veiene ute i verden» (Hallqvist/Skeie) og «Um å bera» (Jan M. Bruheim). Han minte om at også nordmenn har vore flyktningar – som t.d. etter at Finnmark vart bomba i 1944.

Karina Kosjanenko spela friskt og uttrykksfullt på fiolin «Bruremarsj frå Lødingen», «Amazing grace», «Pie Jesu» (Lloyd-Webber) og «Ut mot havet».

Programmet til alltid flittige Tordenskjold Songlag bestod av folketonane «Jeg råde vil alle», «Den lyse dag» (Surnadal), spiritualen «Keep Your Lamps», Bremnes-visa «Har du fyr» og den gripande salmen «Solbarn». Elin Persson dirigerte.

Turid Røen Kroknes song tre religiøse folketonar frå Bræin sine samlingar: «Ak, mon min vei» (frå Stangvik), «Se, solens skjønne lys og prakt» (Rindal) og «Blant englers kor». Denne er frå Osmarka, som på Bræins tid var ein del av Tingvoll, og tonen blir difor feilaktig lokalisert til «Tingvoll» - m.a. i salmeboka, der alle desse lokale toneperlene forresten er med!

Dotter Torunn og mor Turid hausta stor applaus for duetten «Sound the Trumpet»  av Henry Purcell.

Torunn, for tida songstudent i Trondheim, song åleine - lekkert og uttrykksfult - «Ich halte treulich still» av Bach, «Ave Maria» av Saint-Saëns og  Mozarts «Ave verum corpus».

Åsskard Kyrkjekor serverte både mat og kaffe (etter konserten) og musikk av  Bach og Haydn (som del av programmet).

Til slutt utfordra dei på sparket alle musikkaktørane og forsamlinga til å stemme i Oscar Petersons «Hymn to Freedom». Slik vart forbrødring gjennom tonar – «When every Man joins every Song» ei sterk symbolsk avslutning på solidaritetsdugnaden.

TRH Tonar a Eritrea_690x558.jpg

Gruppa frå Eritrea skapte andakt og ettertanke i Åsskard kyrkje. (Foto: Bernt G. Bøe)

TRH Tonar b Hymn 2015 11 08_690x440.jpg

Spontant vart alle med på «Hymn to Feedom» - som avslutta konserten. (Foto: Eldrid Mahle)

TRH Tonar c Karina 2015 11 08_690x892.jpg

Karina Kosjanenko spela vakkert på fiolin. (Foto: Eldrid Mahle)

TRH Tonar d Åssk Kk _690x444.jpg

Åsskard Kyrkjekor - både vertskap og konsertkor. (Foto: Eldrid Mahle)

TRH Tonar e Torunn_690x893.jpg

Torunn Kroknes song nydeleg både åleine og i duett med mor Turid. (Foto: Eldrid Mahle)

TRH f Tordenskjold 2015 11 08_690x440.jpg

Todenskjold Songlag er med der ting skjer – også denne gong! (Foto: Eldrid Mahle)