Rindal kirke vårb_cropped_585x423

Tom grav og open himmel

Når kvinnene kjem til grava påskedagsmorgonen, er den tom. Dei går inn i grava og får det betimelege spørsmålet: Kvifor søkjer de den levande blant dei døde? Det kan vera einkvan av oss òg hadde trengt å ofre problemstillinga ein tanke. Preika for Påskedag i Rindalskyrkja les du nedafor.

 

Rindal kirke påskedag- 14. Luk 24,1-9

Ved daggry første dagen i veka kom kvinnene til grava og hadde med seg den angande oljen dei hadde gjort i stand. Då fekk dei sjå at steinen var rulla ifrå grava. Dei gjekk inn, men fann ikkje Herren Jesu kropp. 

Dei visste ikkje kva dei skulle tru, men med eitt stod det to menn hos dei i skinande klede. Kvinnene vart forfærde og bøygde seg med andletet mot jorda. 

Då sa mennene til dei: «Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde? Han er ikkje her, han er stått opp. Kom i hug kva han sa til dykk medan han endå var i Galilea: ‘Menneskesonen skal gjevast over i hendene til syndige menneske og bli krossfest, og tredje dagen skal han stå opp.’» 

Då kom dei i hug orda hans. Og dei gjekk bort frå grava og fortalde alt dette til dei elleve og til alle dei andre.

 

Slik lyder det hellige evangelium.

 

Det er så me kan sjå kvinnene for oss. Ifølge Markus var det Maria, mor til Jakob, Maria Magdalena og Salome. Me kan kjenne lukta der dei fèr med angande olje. Dei vil gjera Jesus ein siste teneste og salva kroppen.

Det er ein tung gange og ein tung veg. Kor inderleg ville dei vel ikkje hatt det ansleis, slik at dei kunne vore i lag med Jesus fortsatt. Enno er det mykje dei skulle lært, funne ut av, erfart og fått med seg. Men korset og døden, romerske soldatar og folkemengd sette eit endeleg punktum for all utsikt framover.
 

Så skjer dette som er så rart: Når dei kjem til grava, er så er steinen rulla ifrå. Var det ikkje dette dei eigentleg hadde håpa? For tre kvinner kan ikkje klare å rulle noko gravstengsel av garde, same kor sterke dei er.

Og så går det berre kast i kast med opplevingar og tankar, to menn med skinande kvite klede og mykje dei har å fortelja til dei elleve og til alle dei andre.

 

Det går berre kast i kast med alt: Sorga som dei berre så vidt har gått inn i blir snudd opp ned og bak fram i og med at Jesus ikkje lengre er død. Brått vart det mykje å snakke om, fortelja vidare, formidle …

 

Og spørsmålet vil nok henge att ved dei tre kvinnene lenge, - det er så godt formulert og så vanskeleg å svare på: Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde? Kvifor??

 

Nei, sei det!

Det ligg vel ikkje berre til Maria Jakobs mor, Maria Magdalena og Salome å leite etter den levande blant dei døde. Det ligg vel til oss alle – på ein eller annan måte:

Me søkjer avkobling og trur me må reise langt og forurense mykje for å få det.

Me søkjer fellesskap og møter kvarandre på facebook og chattekanalar.

Me søkjer fred og skrur opp lyden.

Me søkjer anerkjennelse og trur at det er fasadesparkling som skal til for å få det.

Me søkjer så mykje rart, men finn ikkje noko. Ikkje eingong oss sjølve og langt mindre kvarandre.

Me kan merke oss kva kvinnene gjer når dei kjem til grava og ser at steinen er rulla ifrå: Dei går inn! Du snakkar meg om å leite etter den levande blant dei døde - .

 

Og det er kanskje der me òg må byrja – eller byrja på nytt: I døypevatnet. Der vart me fødde på nytt til eit liv i Jesus Kristus. Der lot Gud den nye fødsel skje. Der skjedde det eit under ikkje mykje mindre enn Jesu oppstandelse frå dei døde.

 

Grava er tom og Jesus lever. Det skjedde, og det er heldigvis ikkje vår sak å gjera så mykje frå eller til.

Om me tek konsekvensane av oppstandelsen og er oss bevisst å leva i håpet om ein oppstandelse lik Jesu oppstandelse frå dei døde påskedag – det er eit anna spørsmål.

 

Det er gjerne ikkje så mykje å gruble på. Jesus sona og gav oss forsoninga med Gud. Jesus tok vår skuld på seg sjølv i så stor grad at det kosta han livet. Jesus var død, og sjå han lever!

 

Så er det ikkje lengre vår greie å søkje den levande blant dei døde, søkje livet og håpet i det forgjengelege. Ikkje så lenge Jesus lever. Og slik skal det visst bli utruleg lenge - .