IMG_1672

Til Kristiansund med god grunn

Indre Nordmøre Senioruniversitet (INS) arrangerte Operatur 7/2 for å sjå «Carmen». Det vart full buss, 40 deltakarar frå Rindal, Surnadal og Halsa – og ei svært stimulerande kultur-oppleving, saman med ein dyktig sjåfør med godt humør og solid erfaring både frå køyring og veteran-skøytesport!

Og når folk kjem langveges frå, må dei sjølvsagt også ha seg middag i byen, og på «Smia» var det både baccalao og karamellpudding å få – og kjentfolk å treffe frå andre nordmørs-bygder. Og enda fleire kjente og ukjente frå både Nordmøre og Romsdal vart å treffe når vi etter kvart kom til Festiviteten, dette fantastisk flotte og innhaldsrike kulturhuset.  Før framsyninga fekk vi ein solid presentasjon av kva vi skulle sjå og høyre - slik at vi var betre budd til å ta inn alle inntrykka frå scena: musikken, dansane, fargane, skodespelarane  – alle dei profesjonelle og amatørar som saman gir oss opplevinga. Og vår lokale heltinne, Sigrid V.Bøe, skuffa ikkje – men jammen var det også mange fleire som bidrog til opplevinga!

Sjølvsagt skulle vi ønskt oss betre stolar og ikkje minst ein romslegare sal til alle som er med på forestillinga på ulike måtar, og ikkje minst til å kunne ha plass til enda meir publikum. Men ut frå dei rammene som finst, kan ein ikkje bli anna enn imponert og stolt over dei årlege operavekene som eit vesentleg bidrag til markeringa av Kristiansund som eit nordmørsk  kultursenter.

Tekst: Eivind Hasle, foto: Helene Marie Nergård