Til den som har alt

Den som har alt, har heilt sikkert ikkje den nye boka «Så son va det ... - gamle postkort fra Rindal»! Det er Rindal skimuseum som no gir ut den andre boka i serien «Så son va det ...», og denne gongen er det postkort og litt posthistorie som dominerer.

IMGP7274-001.JPG
F.v: Anne Skjølsvold, Morten Møller og Kari-Elin Bolme Løfaldli.

Den nye boka er full av store, fine og gamle bilde frå Rindal. Dei aller fleste er postkort frå 1887 til ca. 1965. Bilda er i svart/kvitt på farga bakgrunn. Bakgrunnsfargen varierer med kvar i bygda bilda er frå. Ei genial redigering som gjer at du lett kan finne bilda frå dei ulike delene av bygda når du blir kjent med fargane! Kvart avsnitt opnar med eit frimerke i rett hjørne, stilig!

Omslaget, fram- og baksida, er eit bilde frå Rindal sentrum, samansett av to bilde. Vi ser at murane til kommunehuset er klare, så bildet er frå 1911 eller 1912. Kari-Elin Bolme Løfaldli har bildet etter foreldra sine.

Postkort
Dei fleste bilda er postkort, men det er også bilde som er tatt av lokale fotografar slik at heile bygda er godt dekt. Det har vore fleire rundar med flyfotografering, og vi finn bilde både frå Norrønafly og Telemark Flyselskap i boka. Utgjevarane har også sikra seg foto som ikkje har vore lagt ut for salg.

Innsida 690.JPG

Perfekt gavetips
Innsida av permen er pryda med gamle frimerke, og boka er klargjort til julegave ved at du kan fylle ut kortet på innsida med namn og helsing!

Kari-Elin Bolme Løfaldli, som er avdelingsledar ved Nordmøre Museum/Rindal skimuseum og Anne Skjøldsvoll har leda innsamlinga og redigeringa av boka «Så son va det ... - gamle postkort fra Rindal,» men dei har hatt god hjelp og støtte frå medlemmane i venneforeninga til skimuseet.

Det er 13 år sidan den første boka i serien «Så son va det ...» kom ut. Den hadde tillegget « - gamle bilde frå Rindal -» i tittelen og handla meir om kvardagsliv. Planar om ny bok vart da lagt på is. Arbeidet vart konsentrert om skimuseet, men no var tida kommen for ny bok.

2018-11-07 14.56.40.jpg

5 for 4
Boka «Så son va det ... - gamle postkort fra Rindal!» kostar 450 kroner. Kjøper du begge bøkene, får du dei for 550 kroner, og kjøper du 5 bøker, betaler du berre for 4 bøker, altså ei gratis bok!

Skimuseet er ope med salg av boka, - og andre julegaver, torsdag kveld i samband med opning av kunstutstilling. Elles kan du sjå etter den raude bilen til Anne. Står den ved skimuseet så kan du stikke innom for handel!

Den som har alt, har ikkje denne boka!

Neste bok
Neste bok kjem kanskje om 5 år, antyda kulturledar Morten Møller, og da vert det fargebilde!

I mellomtida kan du studere dette lokale mesterverket. Anbefaler bilinteresserte å studere mellom anna bilde frå Rindal Samvirkelag Lomunda (s. 150) og Trøknaholt Camping (s.195)! Skimuseet tek med glede mot tilbakemeldingar om boka.

Kjøp boka og sjå bilda sjølv!