Tidekverv DS Bøfjord ## 4Mb_690x507

Tidekverv på Sjøbruksmuseet

Den store omlegginga i lokal sjøkulturen for 100 år sia er tema på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. I 1914 vart siste segljakta, «Fosna», bygd i Kristiansund. Same år sjøsette dei på Bølandet første fiskedamparen, «DS Bøfjord» (bildet).

Tidekverv Jakta Fosna var sist bygde jakt på Nordmøre 1914_690x499.jpg
Siste jakt: «Fosna» - bygd på Mellomverftet i 1914. (Foto: Engvig)

«Fosna» var av dei siste kleppfiskskutene. Skipper var Kristian Solem frå Bukta ved Bøverfjorden.

Tidekverv DS Bøfjord ## 4Mb_690x507.jpg
Fiskedampar: Eistein Kvande var byggmeister for «Bøfjord» for 100 år sia. (Foto: Engvig)

Dampskipet «Bøfjord» innleia ein ny æra. Saman med «Skrøyfa» (1915) utgjorde ho «Bøfjords Rederi», som i samarbeid med Snekkvik-skuta «Hjelmen I». Rederiet var ei moderne bedrift med sildefangst langs kysten og ved Island og industrianlegg på land.

Tidekverv Slupp FRIDTJOF 1839 Isaach Aasgaard COL_690x427.jpg
Historikk: Legendariske Isaach Aasgaard bygde bl.a. slupp

Temadagen tek også for seg lange linjer i fartybygging på Nordmøre. I fotokåseri formidlar Bernt G. Bøe gjensyn med flotte skuter og fakta og småhistorier om livet til sjøs i gamle dagar.

På museet kan også folk ta i augesyn mykje reiskap som havgåande farty vart bygd med for 100 år sia.


Tekst: Bernt G. Bøe